Godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte

Kva må til for å få godkjent ei utdanning for utdanningsstøtte?

Godkjenne ny utdanning

Desse utdanningane gir ikkje rett til lån og stipend i Lånekassen

  • utdanning i forsvaret
  • etatsopplæring eller bedriftsintern opplæring
  • norskopplæring når opplæringa ikkje skjer i kombinasjon med annan godkjent utdanning
  • ph.d.-utdanning

Søk godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte

Lærestader som ønsker å tilby nye utdanningar må søke om å få utdanningar godkjent for utdanningsstøtte i Lånekassen.

Dette gjeld også utdanningar som er godkjende etter ei utdanningslov, sidan slik godkjenning ikkje automatisk gir rett til lån og stipend.

Lånekassen kan ikkje tildele lån og stipend til elevar/studentar ved utdanningar som ikkje er godkjende for utdanningsstøtte i Lånekassen.

Kva slags opplysningar vi treng i søknaden, er avhengig av type utdanning og lovgodkjenning. 

 

Søk om godkjenning av utdanningar for utdanningsstøtte i arbeidsflata
Få tilgang til arbeidsflata
Korleis få tilgang til arbeidsflata for lærestadene?
Kva skal eg rapportere?
Oversikt over lærestadenes rapporteringsoppgåver

Aktuelt regelverk