Rapportere om endring i studiebelastning

Lærestaden må melde frå om endringar

Dersom ein elev endrar på kor mange årstimar eller studiepoeng hen tar undervegs i studieåret, må lærestaden gi Lånekassen beskjed. 

Denne informasjonen gjeld for:

  • elevar i vidaregåande opplæring som er 21 år eller eldre
  • elevar i vidaregåande opplæring som allereie har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse

Situasjonar der du må melde endra studiebelastning kan vere når eleven:

  • veljer å ta fleire eller færre fag enn planlagt
  • endrar start- eller sluttdato (gjeld berre elevar med individuell start- og sluttdato)

Du melder inn endringar i  Arbeidsflata for lærestadene

Gå inn i arbeidsflata og søk opp eleven ved å skrive fødselsnummeret inn i det grøne feltet til høgre. Klikk på «meld endringer».

Når du melder endringar, treng vi informasjon om: 

  • datoen endringa gjeld frå
  • eleven/studenten har lik studiebelastning i haust- og vårsemesteret
  • nytt antal på årstimar for heile året, og kor mange undervisningstimar hen har per veke

Dersom lærestaden ikkje melder inn endringa, kan eleven få for mykje lån og stipend. Dette kan òg føre til at eleven blir feilaktig registrert som forseinka i utdanninga, og dermed få meir lån enn forventa.

Ikkje meld inn endringar for desse elevane

Du skal ikkje melde inn endringar for elevar som er 20 år eller yngre, og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. 

Dei får ikkje redusert lån og stipend frå Lånekassen, sjølv om dei tar utdanning på deltid. Viss elevane startar eller sluttar i eit eller fleire dag undervegs i studueåret, skal du ikkje melde inn endra studiebelastning. 

 

Meld frå om endring i arbeidsflata

Meld endring for ein deltakar i modulstrukturert fag- og yrkesopplæring som fullfører tidlegare enn planlagt

Viss ein elev, student eller lærling avbryt utdanninga eller skiftar lærestad, må du melde frå om dette til Lånekassen.

Meld endring når ein deltakar fullfører tidlegare enn planlagt

Dersom ein deltakar fullfører opplæringa undervegs i studieåret, må du melde frå til Lånekassen.

Slik gjer du det:

  • Søk opp deltakaren ved å fylle inn fødselsnummer i det grøne feltet til høgre i arbeidsflaten.

  • Klikk på «meld endringer».

Dette skal du fylle inn:

  • dato for endring
  • Har eleven/studenten lik belastning Høst/Vår? Ja
  • studiebelastning i prosent: 100 %
  • start- og sluttdato: oppgi startdato for inneverande studieår og ny sluttdato (datoen deltakaren avla fag- eller svenneprøva)