Rapportere eksamensdata og følgt undervisning
Kva skal eg rapportere?
Lånekassen treng opplysningar om eksamensresultat for å vurdere omgjering av lån til stipend. I tillegg bruker vi opplysningane til å kontrollere den faglege progresjonen til studentar og elevar som søker om lån og stipend.
Dette gir ikkje rett til omgjering av lån til stipend:
- Fag/emne som ikkje er beståtte
- Fag/emne som eleven/studenten har fått fritak for
- Fag/emne som eleven/studenten har bestått tidlegare, og består på nytt
Omgjering
Omgjering frå lån til stipend skjer når Lånekassen får likningstala for det året eleven/studenten tok eksamen. Eleven/studenten kan først få omgjering på hausten året etter at ho bestod eksamen eller fullførte utdanninga si.
Om eleven er forseinka i utdanninga
Blir eleven/studenten forseinka i utdanninga si, kan hen få lån og stipend i inntil eitt år utover normert studietid. Blir ho meir enn eitt år forseinka (60 studiepoeng eller tilsvarande eitt års fulltidsutdanning), har hen ikkje rett på meir lån og stipend frå Lånekassen. Hen kan då ikkje få lån og stipend igjen før semesteret etter at hen eventuelt har tatt igjen forseinkinga. Unntaket er hvis hen har betalt ned tidlegare studiegjeld.