Kontroller utdanningar for kommande studieår
Lånekassen registrerer i løpet av våren opplysningar om utdanningane lærestaden skal tilby. I april kvart år legg vi ut ei oppgåve med namnet «Kontroller utdanningsoversikt» i arbeidsflata, kor vi ber lærestaden om å kontrollere desse opplysningane.
Det er viktig at alle lærestader kontrollerer om Lånekassen sine opplysningar stemmer. Dette gjeld uavhengig om de har rapportert opplysningane sjølv, eller om vi har fått opplysningane frå lærestaden sitt studieadministrative system, som for eksempel Vigo.
Kvifor er det viktig å kontrollere utdanningar?
Når elevar og studentar skal søke om lån og stipend er det viktig at alle utdanningane er registrert hos Lånekassen, slik at dei kan finne den riktige utdanninga i søknaden sin.
Detaljinformasjon om utdanninga dannar også grunnlaget for berekning av kor mykje lån og stipend eleven kan få. Dersom opplysningane ikkje er korrekte, kan det føre til at eleven får utbetalt for mykje eller for lite lån og stipend.
Slik kontrollerer du utdanningar
Du finn Lånekassen sine opplysningar om utdanningane de tilbyr i utdanningsoversikten i arbeidsflata. Finn du eventuelle feil eller manglar gjer du følgande:
- Dersom det gjeld universitet, høgskoler og fagskoler, rettar du opp feil eller manglar i utdanningsoversikta i arbeidsflata eller i Felles studentsystem (FS).
- Andre lærestader melder frå i arbeidsflata eller ved å sende ein e-post til postmottak@lanekassen.no.