Unntak for inntektsgrense for enkelte grupper

08.02.2022
Studentar som jobbar i enkelte sektorar, kan tene over Lånekassens inntektsgrense utan å miste stipendet.

På grunn av eit stort behov for ekstra arbeidskraft under koronapandemien, blei det innført unntak for inntektsgrense for alt arbeid i helse- og omsorgssektoren frå mars 2020. Dette er no vidareført ut 2022. I tillegg får også studentar som jobbar innanfor barnehage- og skolesektoren unntak for inntektsgrensa ut 2022.

Studentane må dokumentere arbeidet med lønnsslippar som viser:

  • at dei har utført arbeid innanfor helse- og omsorgssektoren, eller barnehage- og skolesektoren
  • inntekta i perioden

Unntak for inntektsgrense for arbeid i beredskapsarbeid, Heimevernet, politiet og sivilforsvaret var gjeldande frå 1. mars 2020 til 31. desember 2021. Dette er ikkje vidareført i 2022.


Les meir om unntaka frå inntektsgrensa på Lånekassens nettsider