I studieåret 2025-2026 er stipendet på 4 572 kroner per månad, eller 50 292 for eit heilt år, om eleven/studenten får støtte frå Lånekassen i elleve månadar.
Elevar i ordinær videregåande skole kan ikkje få stipendet
Det er berre elevar og studentar som søker lån og stipend til høgare utdanning, som kan få tilleggsstipend for nedsett funksjonsevne. Elevar som tek ordinær videregåande opplæring, har i dei fleste tilfelle ikkje rett på dette stipendet.
Kontroll av inntekt i desember
Frå og med desember vil Lånekassen fast kontrollere inntekta til elevar/studentar som får tilleggsstipendet. Dersom det viser seg at mottakaren har arbeidsinntekt i perioden hen får tilleggsstipendet, vil stipend som allereie er utbetalt, bli gjort om til lån.
Eleven/studenten kan ikkje ha lønna arbeid så lenge hen får tilleggsstipendet, men det finst nokre unntak. Til dømes dersom vedkomande har eit frivillig verv eller praksis som ein del av utdanningen.
Dokumentasjon
Elevane og studentane som blir kontrollerte får ein kundeoppgåve frå oss. Dei må dokumentere at dei har rett til å behalde stipendet innan tre veker. Her er eit døme på dokumentasjon dei kan be om frå arbeidsgivar eller lærestaden:
- Stadfesting frå arbeidsgivar som viser at inntekta er tent i periodar der eleven/studenten ikkje fekk tilleggsstipend.
- Stadfesting frå lærestad eller praksiplass som viser at inntekta kjem frå prakis, som er ein del av utdanninga.
Søknadsfrist
Fristen for å søke om tilleggsstipend er siste dagen i perioden eleven/studenten søker lån og stipend for. Denne dagen finn hen ved å logge seg inn på lanekassen.no, og lese vedtaksbrevet.
Ein lege eller spesialist må stadfeste at eleven/studenten er i stand til å studere, men ikkej kan arbeidet ved sida av studiane i søknaden.
- Fristen for å søke om tilleggsstipend for heile studieåret eller berre for vårsemesteret, er for dei fleste 15. juni.
- Fristen for å søke om tilleggsstipend berre for høstsemesteret er for dei fleste 15. januar.
Her kan du lese mer om tilleggsstipend ved nedsatt funksjonsevne.
