Før Lånekassen kan utbetale lån og stipend, treng vi opplysningar frå både elevane/studentane og lærestaden. Eleven/studenten kan logge inn på lanekassen.no for å finne ut kva som gjenstår før hen får pengane.
Rettleier du elevar/studentar om Lånekassens ordningar? Motta nyheiter frå oss rett i innboksen din. Her får du informasjon som kan vere nyttig for deg. Vi sender ut nyheitsbrev om lag to gonger i månaden.
For at eleven skal få utbetalt lån og stipend, må Lånekassen få bekrefta at hen har møtt til undervisning. Etter at lærestaden har gjort det, kan Lånekassen betale ut pengane.
Lærestader som ikkje rapporterer frammøte til Lånekassen via eige studieadministrativt system, mottek oppgåva «Registrere gyldig frammøte» i Arbeidsflata for lærestadene.
Gå inn i arbeidsflata for å registrere at elevane/studentane dine har møtt til undervisning.