Rapportere om endring i studiebelastning og avbrot

Gjeld berre nokon elevar

Du skal berre melde inn endring av studiebelastning for elevar som:
  • er 21 år eller eldre, eller
  • har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse

Lærestaden må melde frå om endringar

Dersom ein elev endrar talet på årstimar/studiepoeng undervegs i studieåret må lærestaden gi Lånekassen melding om dette.

Dette gjeld studentar i fagskoleutdanning, og elevar i vidaregåande opplæring som er 21 år eller eldre eller som har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

Dersom eleven begynner eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, må du melde inn endra studiebelastning for denne eleven. Dette gjer du i Arbeidsflata for lærestadene. Under fana «rapportering» på arbeidsflata kan du lese meir om korleis du rapporterer endringar i studiebelastninga.

Om lærestaden ikkje gir melding om endra studiebelastning kan det føre til at elevar mottek for mykje lån og stipend. Konsekvensen av dette kan bli at eleven feilaktig blir registrert som forsinka i utdanninga. Eleven kan også få meir lån enn forventa.  

Situasjonar der du må melde inn endra studiebelastning kan vere når:

  • Eleven vel å ta fleire eller færre fag enn planlagt
  • Eleven endrar start- eller sluttdato (dette gjeld elevar med individuell start- og sluttdato).

Ikke meld inn endringar for elevar som er 20 år eller yngre, og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

Elever i vidaregåande opplæring, som er 20 år eller yngre og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, får ikkje redusert lån og stipend frå Lånekassen sjølv om dei tek utdanning på deltid. Dersom desse elevane begynner eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, skal de ikkje melde inn endra studiebelastning.

Elevar i modulstrukturert opplæring

Dere skal ikkje melde frå om endra studiebelastning for elevar i modulstrukturert opplæring. Det gjeld elevar i førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for vaksne.

 

Meld frå om endring i arbeidsflata

Lærlingar som hever lærekontrakten

Viss ein lærling hever lærekontrakten må fagopplæringskontoret melde inn dette til Lånekassen via Arbeidsflata for lærestadene.

Meld frå med ein gong ein elev, student eller lærling sluttar

Viss ein elev, student eller lærling avbryt utdanninga eller skiftar lærestad må du melde frå om dette til Lånekassen.

Korleis melder du frå til Lånekassen

Du må melde inn avbrotet i Arbeidsflata for lærestadene. Under fana «Rapportering» på arbeidsflata kan du lese meir om korleis du rapporterer avbrot.

Når ein trafikkskole-elev avbryt utdanninga

Trafikkskolen må sende inn eit avbrotskjema til Lånekassen. På grunn av personvernomsyn må skjemaet bli sendt i posten.

Adressa er:

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Avbrotsskjema for trafikkskolar: yrkessjåførutdanning

Aktuelt regelverk