Rapportere om endring i studiebelastning og avbrot

Gjeld berre elevar utan ungdomsrett

Du skal berre melde inn endring av studiebelastning for elevar utan ungdomsrett. Endring av studiebelastning rapporterer du i arbeidsflata for lærestadene.

Lærestadene må melde frå om endringar

Viss ein elev utan ungdomsrett endrar talet på årstimar/studiepoeng undervegs i studieåret må lærestaden gi Lånekassen melding om dette.

Dette gjeld elevar i vidaregåande opplæring som ikkje har ungdomsrett, og studentar i fagskoleutdanning.

Viss eleven begynner, eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, må du melde inn endra studiebelastning for denne eleven. Dette gjer du i Arbeidsflata for lærestadene. Under fana «rapportering» på arbeidsflata kan du lese meir om korleis du rapporterer endringar i studiebelastninga.

Viss lærestaden ikkje gir melding om endra studiebelastning kan det føre til at elevar utan ungdomsrett mottek for mykje lån og stipend. Konsekvensen av dette kan bli at eleven feilaktig blir registrert som forsinka i utdanninga. Eleven kan også få meir lån enn forventa.

Situasjonar der du må melde inn endra studiebelastning kan vere når:

  • eleven vel å ta fleire, eller færre fag enn planlagt
  • eleven endrar start- eller sluttdato (dette gjeld elevar med individuell start- og sluttdato)

Ikkje meld inn endringar for elevar med ungdomsrett

Elevar med ungdomsrett som tek vidaregåande opplæring i Noreg, får ikkje redusert lån og stipend frå Lånekassen sjølv om dei tek utdanning på deltid.Viss ein elev med ungdomsrett begynner eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, skal de ikkje melde inn endra studiebelastning for denne eleven. 

Elevar i grunnskoleopplæring

Elevar som får grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 første ledd, får lån og stipend ut frå kor mange undervisningstimar dei tek.

Viss det er endring i talet på undervisningstimar under 20 timar, må du melde frå om dette til Lånekassen. Alt over 20 undervisningstimar blir rekna som fulltid, det er derfor ikkje nødvendig å melde frå om endringar i talet på undervisningstimar over 20 timar.

Meld frå om endring i arbeidsflata

Lærlingar som hever lærekontrakten

Viss ein lærling hever lærekontrakten må fagopplæringskontoret melde inn dette til Lånekassen via Arbeidsflata for lærestadene.

Meld frå med ein gong ein elev, student eller lærling sluttar

Viss ein elev, student eller lærling avbryt utdanninga eller skiftar lærestad må du melde frå om dette til Lånekassen.

Korleis melder du frå til Lånekassen

Du må melde inn avbrotet i Arbeidsflata for lærestadene. Under fana «Rapportering» på arbeidsflata kan du lese meir om korleis du rapporterer avbrot.

Når ein trafikkskole-elev avbryt utdanninga

Trafikkskolen må sende inn eit avbrotskjema til Lånekassen. På grunn av personvernomsyn må skjemaet bli sendt i posten.

Adressa er:

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Avbrotsskjema for trafikkskolar: yrkessjåførutdanning

Aktuelt regelverk