Utveksling på universitet og høgskole

Informasjon til lærestader som har studentar som vurderer eller er på utveksling i andre land.

Skolepengar til høgskolar og universitet i andre land

Dersom studentane betaler skolepengar til lærestaden i utlandet, er det lærestaden i utlandet som skal bekrefte dette.

Utveksling frå universitet, høgskolar og fagskolar

Studentar på universitet, høgskolar og fagskolar kan få lån og stipend til utvekslingsopphald, praksis eller feltarbeid i utlandet. Men vi stiller nokre krav til utdanninga.

Kva type utdanningar er godkjente for stipend og lån frå Lånekassen?

Studentar kan få stipend og lån til utveksling når utvekslingsopphaldet er godkjent, som ein del av utdanninga studenten tar i Noreg. Utvekslingsopphaldet må vare i minst 4 veker, og det er lærestaden i Noreg som godkjenner utvekslingsopphaldet som ein del av utdanninga.


Dersom studenten vil reise ein annan stad enn det som er godkjent som ein del av utdanninga, kan han eller ho søke om stipend eller lån for å ta enkeltemne eller heil grad i utlandet, som er noko anna enn utveksling.

 

Kva må lærestaden passe på for at studenten skal få stipend og lån frå Lånekassen

For at studentane skal kunne få stipend og lån frå Lånekassen, må lærestaden sørge for at Lånekassen har registrert informasjon om utvekslingsopphaldet før studenten reiser på utveksling. Førehandsgodkjenning er ei stadfesting på at studenten har fått innvilga utvekslingsopphaldet

Universitet og høgskolar som bruker FS må registrere informasjon om utvekslingsopplegget i FS.

Informasjon om korleis de førehandsregistrerer utvekslingsopphald

Informasjon om korleis de førehandsregistrerer praksisopphald og feltstudie

Dersom studenten ikkje er tilknytt ein utanlandsk lærestad, må du legge inn landkode under «eksternt sted» i FS.

Studentar på lærestader som ikkje bruker FS, for eksempel BI eller Bjørknes, må fylle ut eit skjema som dei legg ved søknaden. Dette skjemaet må lærestaden i Noreg stemple og signere.

Opne skjema for utveksling 2024-2025 (pdf)

Det er opp til lærestaden sjølv å avgjere om samarbeid med andre universitet og høgskolar, såkalla «fellesgrad, double degrees eller joint degrees» skal reknast som utveksling eller ikkje.

Er opphaldet registrert som utveksling skal studenten oppgi opphaldet som utveksling i søknaden om stipend og lån. Viss ikkje skal han eller ho søke om støtte til enkeltemne eller heil grad i utlandet

Aktuelle satsar

Studentar som er på utveksling kan få meir i lån og stipend enn studentar i Noreg for å dekke høge skolepengar og reiseutgifter.

Studentar på utveksling i Norden

Studentar på utveksling i Norden får stipend og lån som om dei studerte i Noreg.

Studentar på utveksling i andre land

Studentar på utveksling i land utanfor Norden kan få lån og stipend som skal bidra til å dekke skolepengar og reiseutgifter.

Dersom studenten drar på utveksling til Brasil, India, Japan, Sør-Afrika eller Sør-Korea, får hen 4 401 kroner i månaden i tillegg til basislån og reisestøtte. Dette stioendet kan studenten få i inntil 10 månader. 

Desse satsane gjeld for studieåret 2025-2026:

Namn på ytelse Maks sats per studieår
Basislån (støtten alle studenter får) 166 859 kroner
Lån og stipend til skolepenger 288 475 kroner
Utvidet stipend til skolepenger (utvalgte læresteder) 87 884 kroner
Lån og stipend til reiser i Europa 6 092 kroner
Lån og stipend til reiser i Afrika 25 036 kroner
Lån og stipend til reiser i Asia 20 916 kroner
Lån og stipend til reiser i Nord- og Mellom-Amerika 22 732 kroner
Lån og stipend til reiser i Sør-Amerika 29 104 kroner
Lån og stipend til reiser i Oseania 33 164 kroner

 

 

Hjelp studenten å berekne kor mykje han kan få

På kundesidene kan studenten berekne kor mykje han kan få i stipend og lån for å dra på utveksling:

Aktuelt regelverk