Ressursar til flyktningar og utanlandske statsborgarar

Presentasjonar om Lånekassen for utanlandske statsborgarar

Lånekassen har fleire ordningar for elevar som er utanlanske statsborgarar. Vi har laga ulike presentasjonar som du kan bruke når du rettleier desse elevane.

Du kan bruke presentasjonane i si heilheit, eller søke i dei dersom du ønsker informasjon om spesielle tema. Vi har laga ei innhaldsliste som gir deg ei oversikt over dei ulike temaa, slik at du enkelt kan hoppe dit du ønsker.

Presentasjonane inneheld blant anna

  • informasjon om Lånekassen sine ordningar - f.eks utstyrsstipend, flyktningstipend og inntektsavhengig stipend
  • forskjellen på lån og stipend
  • eksempel på korleis elevane kan kombinere støtte frå Lånekassen med støtte frå NAV
  • informasjon om Dine sider
  • vilkår for omgjering av lån til stipend 
  • eksempler med personas

Vi har laga tre ulike presentasjonar. Den eine presentasjonen gjeld for deltakarar i forberedande opplæring for vaksne, og den andre gjeld for elevar i vidaregåande opplæring for vaksne. Den siste handlar om tilbakebetaling av studielån, og er retta mot begge målgruppene.

Presentasjonane gjeld for studieåret 2025-2026. Klikk på lenkene for å opne dei.

 

Video om flyktningstipend