Her finn du plakaten:
Plakat på nynorsk (JPG) Her kan du laste ned plakaten
Plakat på nynorsk (PDF) Her kan du laste ned plakaten
Plakat på bokmål (JPG): Her kan du laste ned plakaten
Plakat på bokmål (PDF): Her kan du laste ned plakaten
På førehand takk for at du hjelper oss med å informere elevane om utstyrsstipendet!
Informasjon om utstyrsstipendet
Elevar som er under 21 år, tar vidaregåande opplæring og enno ikkje har studie- eller yrkeskompetanse, har rett til utstyrsstipend frå Lånekassen. Dette er pengar elevane skal bruke til å kjøpe nødvendig utstyr.
Pengane skal ikkje betalast tilbake. Kor mykje eleven får, kjem an på kva utdanningsområde hen går på. I skoleåret 2026 – 2027 kan elevane få minst 1 427 kroner i utstyrsstipend. Her kan du lese meir om utstyrsstipendet.
