Korte videoar du kan bruke i rettleiinga

Vi har laga to videoar du kan bruke når du rettleier om Lånekassen. Målgruppa er deltakarar i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Utbetalingsvilkår

Venter deltakaren på pengane?

I denne videoen viser vi kva for utbetalingsvilkår som må vere oppfylte før vi kan betale ut lån og stipend.

Før vi kan betale ut lån og stipend, må nokre vilkår vere oppfylte. I denne videoen viser vi korleis deltakaren: 

  • loggar inn på lanekassen.no.
  • kan sjå kva hen manglar for å få utbetalt lån og stipend. 
  • signerer avtalen om lån og stipend. 
  • registrerer kontonummer. 

Fungerer ikkje videoen? Sjå video om utbetalingsvilkår ved å følge denne lenka. 

 

Dokumentasjon

Korleis sende inn dokumentasjon til Lånekassen?

I denne videoen viser vi korleis deltakaren sender inn dokumentasjon til Lånekassen.

Nokre gonger treng Lånekassen dokumentasjon for å behandle søknaden til deltakaren. I denne videoen viser vi: 

  • kvar deltakaren kan laste opp dokumentasjon. 
  • kva vi meiner med dokumentasjon. 

Fungerer ikkje videoen? Sjå video om dokumentasjon ved å følge denne lenka.