Inntektsavhengig stipend
Foreldrene har forsørgarplikt for elevar i førebuande og vidaregåande opplæring, sjølv om dei er over 18 år. Dersom foreldra har så svak økonomi at det kan gå ut over eleven sin moglegheit til å fullføre skolen, kan eleven få inntektsavhengig stipend. Det er berre elevar som får lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring som kan ha rett på inntektsavhengig stipend.
Elevar og lærlingar kan søke stipend og lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring dersom begge punkta gjeld:
- Eleven er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Eleven har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at eleven ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning.
Eleven søker om stipendet i den vanlege søknaden om lån og stipend. Der vel han om han ønsker å søke om inntektsavhengig stipend.
Inntektsavhengig stipend er inndelt i tre ulike satsar:
For studieåret 2024-2025 er følgande satsar gjeldande:
- 1291 kroner
- 2483 kroner
- 3875 kroner
Eleven søker om stipendet i den vanlege søknaden om lån og stipend. Der veljer han om han ønsker å søke om inntektsavhengig stipend.
Stipendet skal sikre at elevane skal kunne ta førebuande og vidaregåande opplæring uavhengig av familiens økonomi. Så lenge eleven får utdanningsstøtte etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring har foreldra forsørgerplikt, sjølv om eleven har fylt 18 år.
Søknadsfristen for å søke inntektsavhengig stipend er:
- 15. november (haustsemesteret)
- 15. mars (vårsemesteret)
Stipendet er behovsprøvd
Stipendet blir behovsprøvd mot foreldra si inntekt. Det betyr at det er kor mykje foreldra tener til saman som avgjer om eleven har rett til stipendet. I behovsprøvinga av inntektsavhengig stipend, vurderer Lånekassen følgande:
- Om foreldra til eleven bur saman
- Har foreldra til eleven ny partnar
- Inntekta til begge foreldra
- Kor mange søsken eleven har
- Om eleven har eigne trygdeytingar
Dersom eleven har gløymt å søke om inntektsavhengig stipend
Eleven kan be om å få vurdert om han har rett til inntektsavhengig stipend heilt til studieåret/perioden for stipend og lån er over. Dette gjeld om eleven har sendt inn søknad om stipend og lån innan den ordinære fristen.