Vi pussar opp Arbeidsflata for lærestadene

10.11.2026
Vi er i gang med å fornye arbeidsflata. Målet er å gjere det enklare for deg å utføre oppgåvene dine.

Vi byggjer om litt etter litt, slik at arbeidsflata kan brukast som normalt medan vi jobbar. I ein periode vil du derfor sjå både nye og gamle sider. 

Dette er nytt

I første omgang har vi fornya: 

  • Framsida,
  • Brukaradministrasjon, og
  • Kvittering for innsendte filer (for lærestader som sender filer til Lånekassen). 

Rettleiing finn du på lanekassen.no/larestader

Tidlegare låg det informasjonsartiklar i arbeidsflata. Desse er no flytta til lanekassen.no/larestader. Det betyr at du finn all informasjonen du trenger for å rapportere til Lånekassen, samla på éin stad.