Presentasjonane kan brukast når du skal rettleie elevar som er utanlandske statsborgarar. Dei gjeld for studieåret 2024-2025, og handlar om:
- stipend og lån for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne.
- stipend og lån for elevar i vidaregåande opplæring for vaksne.
- tilbakebetaling av studielån.
Du finn presentasjonane på nettsidene våre.
Informasjonssida «Ny i Noreg»
På lanekassen.no finn du sida «Ny i Noreg». Her kan du som rettleier flyktningar, innvandrarar eller andre elevar utan norsk statsborgarskap lese om:
- Lånekassen sine ordningar,
- søknadsprosessen, og
- dokumentasjonskrav for innvandrarar i ulike typar utdanning.
Ressurser på fleire språk
Vi har brosjyrar om lån og stipend for flyktningar og utanlandske statsborgarar på fleire språk, og ein film om flyktningstipend. Du finn ressursane på våre nettsider.