Nye opptaksreglar til høgare utdanning

Publisert 24.09.2025
Kunnskapsdepartementet har vedtatt å heve aldersgrensa for førstegongsvitnemål, og å redusere kor mange tilleggspoeng elevane kan få. Dette skjer frå studieåret 2028-2029.

Elevane som starta på vidaregåande no i haust, blir det første kullet som skal søke høgare utdanning etter dei nye opptaksreglane.

Etter dagens reglar kan elevane få inntil 14 tilleggspoeng. Frå studieåret 2028-2029 vil dette bli justert ned til maksimalt fire tilleggspoeng. Dei får framleis tilleggspoeng for realfag og avtjent verneplikt.

Desse tilleggspoengene blir avvikla:  

  • Alder
  • For høgare utdanning, fagskole og folkehøgskole
  • Framandspråk
  • Naturbruk
  • Kjønnspoeng

Desse tilleggspoengene blir vidareført:  

  • Førstegongstjeneste og siviltjeneste (maks 1 poeng)
  • Realfag (maks 2 poeng)

For elevar som har samisk som førstespråk i videregåande opplæring, blir det innført tilleggspoeng (maks 1 poeng).

Aldersgrensa for førstegongsvitnemål blir utvida

Gjennom opplæringslova er det no mogleg å fullføre videregåande i løpet av fem år. Difor blir aldersgrensa for å få førstegongsvitnemål auka frå 21 til 23 år. Det vil fortsatt vere mogleg for elevane å ta opp fag for å forbetre karakterane sine før dei søker høgare utdanning.

Det vil, som i dag, framleis vere to kvotar. Éin for dei som har førstegongsvitnemål, og ei ordinær kvote. I den ordinære kvota kan søkarane både ha med seg tilleggspoeng for å ha avtjent verneplikt, og for å ha forbetra karakterane sine.