No kan elevar og studentar søke om straumstipend

08.02.2022
På grunn av høge straumprisar i vinter er det vedtatt at elevar/studentar som er 18 år eller eldre, kan få utbetalte eit straumstipend på 3000 kroner.

Straumstipendet gjeld både elevar/studentar i Noreg og i utlandet som har betalt for straum i vårsemesteret 2022. Dei må søke for å få stipendet, og det blir berre utbetalt éin gong. Dei som har rett til å søke om straumstipendet har no fått ein e-post frå Lånekassen med informasjon. Fristen for å søke om straumstipend er 15. juni 2022. Elevane/studentane søker om straumstipendet via Dine sider.

Kor mykje straumrekningane har auka har inga tyding, og det er heller ikkje eit krav at elevane/studentane må ha betalt straum for heile perioden 16. januar til 15. juni 2022.

Straumstipendet gjeld også for deltidsstudentar, men ikkje for elevar som går på folkehøgskole.

For å ha rett til stipendet må elevane/studentane oppfylle tre vilkår:

  • betale straum i tillegg til husleige heile eller delar av perioden 16. januar 2022 til 15. juni 2022
  • motta lån/stipend frå Lånekassen i same periode som dei betalar for straum
  • vere bortebuar

Elevane/studentane kan på eit seinare tidspunkt bli bedne om å dokumentere straumutgifter for våren 2022 overfor Lånekassen.

Elever med ungdomsrett

For elevar med ungdomsrett er det berre dei som er 18 år eller eldre, og som får lån etter § 67 i forskrift om utdanningsstøtte frå Lånekassen våren 2022, som kan søke om straumstipendet. Elevane med ungdomsrett må også oppfylle vilkåra som er lista opp ovanfor.

Les meir om straumstipendet på Lånekassens nettsider