Lærestader som ikkje rapporterer til Lånekassen via eit studentadministrativt system, mottek oppgåva «registrere gyldig frammøte» i arbeidsflata for lærestadene.
Dette må vere på plass før eleven/studenten kan få utbetalt pengar frå Lånekassen:
- lærestaden må rapportere frammøte.
- eleven eller studenten må signere avtalen om lån og stipend. Dersom eleven er under 18 år, må foreldra eller verje signere på vegne av eleven.
- eleven eller studenten må registrere gyldig kontonummer ved å logge inn på lanekassen.no.
Er du usikker på om eleven har møtt opp?
Du kan vente ei stund før du melder «ikkje møtt» for elevar som ikkje har dukka opp til undervisninga. Du treng heller ikkje å rapportere frammøte for alle elevane på lista samtidig.
Har du spørsmål om å rapporte frammøte?
Du kan lese meir om å rapportere frammøte på våre nettsider. Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om rapporteringa.
Les også: Nå skal du logge deg inn i arbeidsflata via ID-porten