Lånekassen har utvikla eit grensesnitt mot Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Nasjonalt introduksjonsregister (NIR-register), som gir oss informasjon om når elevar med asyl-status mottar, eller har slutta å motta, introduksjonsstønad.
Vanskeleg å dokumentere
Tidlegare har alle elevar som kunne ha rett til flyktningstipend fått spørsmål om dei mottar introduksjonsstønad i søknaden om lån og stipend. Elevane måtte også sende inn dokumentasjon som viste om dei mottok introduksjonsstønad eller ikkje. For mange har det vore vanskeleg å dokumentere. Vi i Lånekassen har derfor lenge ønska oss datafangst på dette området.
Viktig tiltak for eleven og for Lånekassen
Den nye datafangsten reduserer risikoen for at elevane går glipp av stipend dei kan ha krav på, fordi dei ikkje klarar å sende riktig dokumentasjon til Lånekassen. Dette er eit viktig steg for at elevane skal få eit betre møte med det offentlege. For lærestadene betyr tiltaket at det er enklare å bistå flyktningar med å søke om lån og stipend. Det bidrar også til ei meir effektiv behandling av søknadar om flyktningstipend hos Lånekassen.
Lånekassen må fortsatt be om dokumentasjon for nokre elevar, men for dei aller fleste vil det bli enklare å søke om lån og stipend. Vi håper det kan gjere utdanning mogleg for fleire, som er viktig for den enkelte elev og for samfunnet.