Endringar for elevar og studentar studieåret 2025-2026

13.05.2025
Her oppsummerer vi dei største endringane for elevar og studentar som skal søke lån og stipend i Lånekassen for studieåret 2025-2026.

Talet på årstimar i vidaregåande opplæring blir justert ned

Frå studieåret 2025-2026 blir 924 årstimar per studieår rekna som fulltidsutdanning for yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. 

I utdanningsprogram for studiespesialisering blir 784 årstimar per år rekna som fulltidsutdanning. 

Les meir om endringa her

Justerte satsar for stipend og lån

Dei fleste støttesatsane aukar med 2,9 prosent. Basislånet, som er det vanlege studielånet, aukar frå 13 790 kroner per månad til 15 169 kroner per månad.

Auka stipendandel ved bestått grad og redusert stipendandel ved beståtte studiepoeng

Studentar som har basislån, kan i dag få omgjort inntil 40 prosent av lånet til stipend etter at dei har fullført graden sin. Desse 40 prosentane er fordelte slik at 25 prosent gjeld studiepoeng studenten har bestått, mens 15 prosent er for å ha fullført ei grad.

Fordelinga mellom studiepoeng og fullført grad blir endra frå studieåret 2025-2026. Studentar får no omgjort 25 prosent av studielånet dersom dei fullfører ei grad, mens 15 prosent av omgjeringa gjeld studiepoeng studenten har bestått. Det vil framleis vere mogleg å få omgjort inntil 40 prosent av lånet til stipend.

Målet med denne endringa er at fleire studentar skal velge gradsstudium, og fullføre gradane dei startar på.

Meir omgjering for enkelte videreutdanningar

Frå studieåret 2025–2026 får fleire rett til gradsomgjering, sjølv om dei tar ei utdanning som ikkje fører til ei grad. Dette gjeld studentar som må ta videreutdanning for å få autorisasjon etter helsepersonellova, for eksempel dei som tar

  • bachelor i osteopati, og som må ta eit tilleggsår med videreutdanning før dei får autorisasjon, eller
  • ett år videreutdanning for å få autorisasjon som sjukjepleiar i Noreg etter fullført sjukepleiarutdanning frå ein lærestad som ligg utanfor EØS.

Desse kan frå 2025-2026 få gradsomgjering for alle dei fire åra.

Presisering av vilkåra for lån og stipend

Søkaren må vere 16 år eller eldre i det kalenderåret opplæringa startar, eller ha fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring tidlegare, for å kunne søke om lån og stipend.