Lærestaden må melde frå om endringar
Denne informasjonen gjeld for:
- elevar i vidaregåande opplæring som er 21 år eller eldre
- elevar i vidaregåande opplæring som allereie har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse
Situasjonar der du må melde endra studiebelastning kan vere når eleven:
- veljer å ta fleire eller færre fag enn planlagt
- endrar start- eller sluttdato (gjeld berre elevar med individuell start- og sluttdato)
Du melder inn endringar i Arbeidsflata for lærestadene
Gå inn i arbeidsflata og søk opp eleven ved å skrive fødselsnummeret inn i det grøne feltet til høgre. Klikk på «meld endringer».
Når du melder endringar, treng vi informasjon om:
- datoen endringa gjeld frå
- eleven/studenten har lik studiebelastning i haust- og vårsemesteret
- nytt antal på årstimar for heile året, og kor mange undervisningstimar hen har per veke
Dersom lærestaden ikkje melder inn endringa, kan eleven få for mykje lån og stipend. Dette kan òg føre til at eleven blir feilaktig registrert som forseinka i utdanninga, og dermed få meir lån enn forventa.
Ikkje meld inn endringar for desse elevane
Du skal ikkje melde inn endringar for elevar som er 20 år eller yngre, og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.
Dei får ikkje redusert lån og stipend frå Lånekassen, sjølv om dei tar utdanning på deltid. Viss elevane startar eller sluttar i eit eller fleire dag undervegs i studueåret, skal du ikkje melde inn endra studiebelastning.
