Store variasjonar i studentane sine studieløp

Lånekassen har følgt ei gruppe studentar i ni år for å belyse forhold som kor lenge dei studerer, kor mange studiepoeng dei tek totalt, og korleis framdrifta er undervegs. Undersøkingane viser at det er store variasjonar.

Analysen omfattar studentar under 25 år som fekk støtte frå Lånekassen til fulltidsstudium ved universitet og høgskule for første gong hausten 2014. Totalt 24 000 studentar er med i analysen.

Analysen har sett på to grupper studentar. Den eine gruppa har hatt fulltidsstøtte frå Lånekassen i alle åra dei fekk studiepoeng, medan den andre har hatt fulltidsstøtte, men óg teke studiepoeng i periodar utan studielån. Studentane vart grupperte etter utdanningsnivå: bachelor (har alle studiepoenga sine frå bachelor), bachelor og master (har studiepoeng frå både bachelor og master), og masterprogram (har studiepoeng frå masterprogram).

Hovudfunn:

  • Det varierer kor lenge studentane studerte. Nokre studerte eitt år, medan andre studerte i ni år. I gruppa som hadde fulltidsstøtte heile studietida, var det vanlegast blant studentar som starta på bachelornivå å ha tre eller fire studieår (30 og 15 prosent), eller fem–seks studieår på bachelor- og masternivå (15 og 11 prosent). I gruppa som òg hadde periodar med studiepoeng utan støtte frå Lånekassen, var det vanleg med litt fleire studieår, slik at dei fleste hadde fleire studieår enn det som krevst for å oppnå ein grad på normert tid.

  • Det er óg store forskjellar i kor mange studiepoeng studentane tok totalt – dette heng delvis saman med kor mange år dei studerte.

  • Dei fleste studentane tok alle studieåra utan pause. Ein femtedel av studentane som starta på bachelornivå hadde pauseår, medan berre 4 prosent av dei som starta på masterprogram hadde det. Dei fleste hadde pause i eitt eller to år.

  • Framdrifta år for år varierer mellom studentar med ulikt utdanningsnivå og tal på studieår. Nokre fellestrekk var at gjennomsnittet for fleire grupper var litt lågare det første studieåret, deretter auka og eventuelt minka mot slutten. Blant gruppene med fleire studieår enn det som svarar til ein grad på normert tid, var gjennomsnittet lågare alle åra.

  • Blant studentane som ikkje følgde normert tid, var det ein stor del som tok færre studiepoeng enn dei fekk støtte til tidleg i studieløpet. Få av dei klarte å ta dette igjen. Nokre fekk i heile løpet støtte til fleire studiepoeng enn dei faktisk tok.

  • Studentane som òg hadde studiepoeng i periodar utan støtte, hadde oftast eitt eller to studieår utan støtte, og tok då studiepoeng tilsvarande eitt eller to semester med fulltidsstudium. Dei fleste hadde periodar utan støtte etter at dei sist fekk støtte, og dei tok færre studiepoeng i desse periodane.

Her kan du lese dei to rapportane som er laga:

Analyse av studieforløp og oppnådde studiepoeng - notat I (pdf)

Analyse av studieforløp og oppnådde studiepoeng - notat II (pdf)