Mange over 30 år nyttar seg av tilleggslån

For å gjere det enklare for vaksne å kombinere utdanning og arbeid, blei det frå studieåret 2020–2021 mogleg for studentar og elevar over 30 år å søke om tilleggslån. Endringane var ein del av regjeringa si kompetansereform «Lære heile livet».

Tilleggslånet er eit tilbod til personar som er 30 år og eldre, og som tar universitets- eller høgskoleutdanning, fagskole eller vidaregåande opplæring. Lånet kjem i tillegg til basislånet.

Ein ny analyse frå Lånekassen viser at mange i målgruppa nyttar seg av tilleggslånet. Om lag 60 prosent av studentane og elevane over 30 år som fekk støtte i studieåret 2023–2024, valde også å ta imot tilleggslån.

Mottakarar har rett til tilleggslån i to år med fulltidsutdanning, men kan også fordele det over fleire år dersom dei studerer på deltid.

Tilleggslånet blir justert årleg, og er i studieåret 2025–2026 på inntil 119 240 kroner for studentar på fagskole, universitet eller høgskule. For vidaregåande opplæring er lånet inntil 59 620 kroner per år.

Hovudfunn frå analysen:

  • I studieåret 2023–2024 fekk 61 prosent i målgruppa tilleggslån. Dette er ein auke frå 49 prosent i 2020–2021.
  • Totalt har 60 400 kundar i Lånekassen fått tilleggslån dei fire første åra ordninga har vore tilgjengeleg.
  • Av dei 60 400 som har fått tilleggslån, har 57 prosent fått det i eitt år og 29 prosent i to år. Resten har fått det i tre eller fire år.
  • Blant dei som fekk tilleggslån første gong i 2020–2021, har 34 prosent fått støtte til 120 studiepoeng og har dermed ikkje rett til meir tilleggslån. For dei som fekk lånet første gong i dei to påfølgande åra, var delen høvesvis 30 og 23 prosent. Det tyder på at mange har rett til meir tilleggslån enn dei har fått ved utgangen av 2023–2024.
  • I det første året med ordninga var det fleire som allereie var i eit studieløp som fekk tilleggslån. I åra etter var det mange nye studentar som nytta seg av ordninga.
  • Sjølv om innføringa av tilleggslånet førte til auka samla studiestøtte, viser analysen ingen markant endring i kor mange studiepoeng studentane og elevane fekk støtte til per studieår. Det gjennomsnittlege talet på studiepoeng har endra seg lite i tiårsperioden analysen har sett på. Det var stor variasjon i talet på studiepoeng det blei gitt støtte til.
  • Den gjennomsnittlege inntekta til studentane og elevane auka gradvis frå 2015 til 2023. Det var ingen markante endringar då tilleggslånet blei innført. Analysen viser ingen tydelege teikn til at dei som valde å ta imot tilleggslån, samtidig valde å arbeide mindre. Gjennomsnittsinntekta varierer etter kor mange studiepoeng det blir gitt støtte til.

 

Tilleggslån for studenter og elever over 30 år

Les rapporten her.