Ny innloggingsløysing i Arbeidsflata for lærestadene

Publisert: 11.12.2024
Frå og med onsdag 11. desember skal du logge deg inn i arbeidsflata via ID-porten.

Lånekassen går bort frå å bruke e-postadresse og parsonleg passord når du skal logge inn i arbeidsflata. Nå skal alle logge seg inn via ID-porten. 

Følg instruksjonane for førestegongspålogging

I forkant vil alle brukarar av arbeidsflata få ein e-post frå Lånekassen med lenke til førstegongspålogging. Det er viktig at du følger instruksjonane i e-posten, og loggar deg inn med din nye brukar. 

Har du ikkje fått e-post frå oss? Sjekk søppelpost. Ligg den ikkje der, kan du ta kontakt med oss på e-post: postmottak@lanekassen.no, så sender vi deg ei ny lenke. 

Nytt design

Administratoren ved lærestaden kan legge til, endre og slette brukarar ved å gå inn på "Brukeradministrasjon" i arbeidsflata. Denne sida har fått nytt design, men inneheld dei same funksjonane som tidlegare. 

Skal lærestaden byte administrator? Fyll ut skjema for administratorbyte, som du finn i arbeidsflata under "Utdanninger":