Personvernerklæring

Sist oppdatert: 05.06.2018
Lånekassen behandler personopplysningar i samsvar med personopplysningsloven.

Information in English

Kva er personopplysningar?

Ei personopplysning er ei opplysning som er med på å identifisere deg som enkeltperson. Det blir skilt mellom personopplysningar og særlege kategoriar (sensitive) personopplysningar.

Lånekassen er behandlingsansvarleg for personopplysningar

Lånekassen er ansvarleg for behandlinga av personopplysningane vi får eller hentar sjølve. Det vil seie at vi har ansvaret for korleis personopplysningane blir brukte, og at bruken er i samsvar med personopplysningsloven.

Vi har felles behandlingsansvar med Statens innkrevjingssentral i saker som gjeld innkrevjing av oppsagde lån og somme andre saker som vi har gitt Statens innkrevjingssentral i oppdrag å utføre på vegner av Lånekassen.

Kva er formålet med behandlinga av personopplysningar i Lånekassen?

Vi behandlar personopplysningar slik at vi kan forvalte utdanningsstøtteordninga i samsvar med utdanningsstøtteloven med forskrifter. Dette omfattar

  • å behandle søknader om utdanningsstøtte
  • at vilkåra for å gi utdanningsstøtte er oppfylte
  • å krevje tilbakebetaling av lån
  • å krevje inn oppsagde lån
  • å bidra til at klagenemnda og sivilombudsmannen har rette opplysningar, slik at dei kan behandle klagesaker
  • å bruke personopplysningar som grunnlag for vidareutvikling av tenester og reglar
  • å bruke personopplysningane i samband med lovpålagde oppgåver som budsjett, rekneskap og rapportering til overordna styresmakt
  • å utlevere personopplysningar til styresmaktene i andre land til kontroll
  • å utlevere personopplysningar til andre offentlege styresmakter som har eit lovgrunnlag for innhenting.
  • å tilby korrekt og relevant informasjon om utdanningsstøtteordningane
  • å analysere informasjon om bruken av lanekassen.no og Dine sider for å kunne tilby brukarvennlege, raske og korrekte tenester

Behandlinga av personopplysningar omfattar for eksempel innsamling, registrering, organisering og tilgjengeleggjering.

Kva er Lånekassen sitt grunnlag for å behandle personopplysningar?

Lånekassen må behandle personopplysningar for å kunne behandle søknader om støtte og følgje opp tilbakebetalinga av studielån. Utan personopplysningane kan vi ikkje kople søknaden eller kundeforholdet til ein faktisk person. Vi har heimel i utdanningsstøtteloven med forskrifter for all behandling av personopplysningar, dette omfattar også behandling av særlege kategoriar personopplysningar og straffbare forhold.

Utdanningsstøtteloven gir oss rett og plikt til å hente inn personopplysningar om deg dersom du, eller nokon du har ein familierelasjon til, forsørgjer eller blir forsørgd av, søkjer om utdanningsstøtte gjennom Lånekassen. Lånekassen har rett til å hente inn informasjon om faglege resultat og studentstatus for alle elevar og studentar i Noreg.

Dette er nødvendig for at Lånekassen skal kunne utøve oppgåvene vi har fått, og som vi er forplikta til å utføre ifølgje loven.

I forskrifta om Lånekassen sitt løyve til å hente inn opplysningar finn du detaljar om kva opplysningar vi kan innhente, og frå kven.

I somme situasjonar gir du samtykke til at Lånekassen hentar inn personopplysningar om deg.

Kva personopplysningar blir brukte i behandlinga?

Lånekassen bruker berre dei personopplysningane om deg som er nødvendige for formålet, altså berre dei opplysningane vi treng for å kunne utføre oppdraget vårt. Dette er for eksempel namn, adresse, studiestad, inntekt og familierelasjonar. Somme gonger behandlar vi også særlege kategoriar (sensitive) opplysningar eller andre opplysningar som er underlagt teieplikt, når det er nødvendig for korrekt saksbehandling.

Vi er i gang med å utarbeide ei oversikt over kva personopplysningar som blir brukte i ulike samanhengar, og denne oversikta blir publisert her så fort den er klar.

Kvar hentar vi personopplysningane frå?

Personopplysningar kjem anten frå deg som kunde eller frå andre offentlege eller private instansar som Lånekassen samarbeider med.

Når du sender ein søknad til Lånekassen, ringjer oss, sender ein e-post eller er i kontakt med oss på annan måte, gir du frå deg personopplysningar. Dette er frivillig, men Lånekassen kan ikkje behandle saka di utan desse opplysningane.

Lånekassen hentar også inn personopplysningar frå andre offentlege og private instansar. Dette er skatteetaten, folkeregisteret, Kartverket, Vigo, Difi, Nav, UDI, barneverntenesta, Vernepliktsverket, Samordna opptak, offentlege og private utdanningsinstitusjonar og fylkeskommunane.

Kan Lånekassen utlevere personopplysningane til andre?

Personopplysningane dine kan bli utleverte til andre offentlege etatar som har lovleg grunnlag for å bruke opplysningane i saksbehandlinga si. Dette gjeld blant anna Statens innkrevjingssentral, Nav, skatteetaten, Helfo og dei nordiske lånekassene.

Vi utleverer ikkje personopplysningane dine til andre enn dei som har lovleg grunnlag, med mindre du har gitt fullmakt eller samtykke til det.

Kor lenge blir personopplysningane lagra?

Personopplysningar som blir brukte i behandlinga av retten din til utdanningsstøtte, blir ikkje sletta, fordi vi har bruk for opplysningane i mange år for å sikre korrekt saksbehandling. Sjølv om studielånet ditt er betalt tilbake, har Lånekassen framleis bruk for opplysningar om kundeforholdet ditt, sidan du kan søkje om støtte seinare.

Lånekassen følgjer arkivloven og må derfor arkivere dokument som inngår i saksbehandlinga. Personopplysningane dine kan også bli brukte til historiske, vitskaplege og statistiske formål. Dette har Lånekassen lov til, så lenge samfunnet si interesse for lagring er klart større enn dei ulempene det gir deg.

Personopplysningar vi samlar inn, men ikkje bruker i saksbehandlinga, blir sletta. For eksempel får Lånekassen eksamensresultata til alle studentar i Noreg, men resultata til studentar som ikkje er kunde hos Lånekassen, blir sletta.

Kva rettar har du som kunde?

Rettane dine følgjer av personopplysningsloven.

Du har

  • rett til informasjon om korleis Lånekassen bruker personopplysningane dine
  • rett til at Lånekassen slettar opplysningar om deg som ikkje lenger er nødvendige for formålet. Men i dei fleste tilfella er opplysningane nødvendige for Lånekassen i mange år
  • rett til å korrigere eigne personopplysningar som er ufullstendige eller urette
  • rett til å klage på Lånekassen si behandling av personopplysningane dine
  • rett til å trekkje tilbake eit samtykke når som helst
  • rett til å klage til Datatilsynet
  • rett til innsyn i opplysningane Lånekassen har om deg
  • rett til kopi av personopplysningar som blir behandla
  • rett til avgrensing av behandlinga som gjeld deg sjølv
  • rett til å få med deg eigne personopplysningar (dataportabilitet)

Lånekassen kan gjere unntak frå desse rettane:

  • retten til avgrensing av behandlinga som gjeld deg sjølv
  • retten til å få med deg eigne personopplysningar (dataportabilitet)

Lånekassen kan gjere unntak fordi vi utøver eit offentleg oppdrag, eller behandlinga er nødvendig for å utføre ei oppgåve i allmenta si interesse, jf. personvernforordninga artikkel 18 nr.2.

For å sjå kva personopplysningar vi har registrert om deg, kan du logge inn på Dine sider. Der kan du også be om innsyn.

Ønskjer du å bruke nokon av dei andre rettane som er nemnde ovanfor, kan du kontakte Lånekassen. Dersom du ber Lånekassen om innsyn eller andre rettar knytte til behandlinga av personopplysningar, har du krav på svar seinast éin månad etter at meldinga kom inn. Dersom vi ikkje kan svare deg innan ein månad, vil du få eit førebels svar før den opphavlege fristen med opplysning om årsaka til forseinkinga. I slike tilfelle kan fristen bli utvida med to månader.

Automatisert behandling

Lånekassen behandlar dei fleste søknadene om utdanningsstøtte automatisk på grunnlag av dei personopplysningane vi har, og regelverket om utdanningsstøtte. Det gjer at vi ofte kan behandle søknader om utdanningsstøtte i løpet av minutt. Du kan ikkje motsetje deg automatisk saksbehandling, men dersom du er usamd i vedtaket, kan du klage, og då vil saka di bli behandla manuelt.

Er personopplysningane sikre hos Lånekassen?

Ei heilskapleg og risikobasert tilnærming til informasjonstryggleik er nødvendig for å beskytte informasjonen som Lånekassen forvaltar på vegner av deg som kunde, og for å nå vår eigen visjon.

Lånekassen jobbar derfor på fleire måtar for å beskytte rettane og opplysningane dine:

  • Tilsette – vi jobbar målretta for å sikre kunnskap, haldningar og merksemd og gjennom det redusere menneskelege faktorar som gjer systema sårbare
  • Teknologisk – vi jobbar for å sikre at systema er robuste mot eksterne cybertruslar og å redusere sårbarheit som oppstår gjennom samhandling med tredjepartar og intern menneskeleg interaksjon med systema
  • Organisatorisk – vi jobbar for å sikre at ansvar blir plassert, at risikostyring blir ein del av oppgåvene til Lånekassen, og at det blir utarbeidd rutinar og retningslinjer for sikker informasjonsforvaltning.

Informasjonskapslar (cookies) og Google Analytics på lanekassen.no

Lånekassen hentar inn informasjon om brukarane gjennom informasjonskapslar (cookies på lanekassen.no). Informasjonen blir anonymisert og brukt til statistikk i Google Analytics, som vi igjen bruker til å gjere nettenestene våre betre. Les meir om bruken av informasjonskapslar Lånekassen.

Google vil ikkje samanstille IP-adressa di med andre opplysningar Google eventuelt har om deg. Du kan avvise bruken av cookies på maskinen din ved å justere dei nødvendige innstillingane på nettlesaren din.

Kontaktinformasjon til Lånekassen

For å kontakte Lånekassen må du bruke dei vanlege kanalane vi har i kundebehandlinga.

Telefonnummeret til Lånekassen sitt kundesenter er 21 49 60 00. Du kan også sende oss ein e-post når du er logga inn på Dine sider, eller sende eit brev til

Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana

Av omsyn til personvernet ditt skal du ikkje sende visse personopplysningar på e-post, som for eksempel opplysningar om helsa di.

Kontaktinformasjon til personvernombodet i Lånekassen

Lånekassen har eit personvernombod som ivaretek personverninteressene både til kundane i Lånekassen og dei tilsette i verksemda. Ordninga er tilrettelagd og administrert av Datatilsynet. Personvernombodet kan gi råd og rettleiing desom du har generelle spørsmål om Lånekassen si behandling av personopplysningar, eller om vern av dei opplysningane vi har registrert om deg som kunde.

e-post:

post:

Personvernombodet
Lånekassen
Postboks 191
0510 Oslo