Klage

Sist oppdatert: 17.06.2016
Dersom du meiner at Lånekassen har gjort eit vedtak som er feil, kan du klage på vedtaket. Du må klage innan tre veker etter at du fekk dette vedtaket.

Å klage betyr at du er usamd i det vedtaket Lånekassen har gjort, og krev eit anna resultat. Klagen må vere skriftleg.

Kven kan klage?

For å klage må du vere part i den saka du skal klage på, eller på annan måte ha rettsleg klageinteresse i eit vedtak som er gjort.

Eksempel på kven som kan klage er søkjaren sjølv, advokaten til søkjaren, eller forsørgjarar til søkjarar under 18 år. Andre kan klage på vegner av søkjaren dersom dei har fullmakt frå søkjaren til å gjere det.

Dette kan du klage på

Du kan klage på det som blir kalla eit enkeltvedtak. Dersom du søkjer om noko, for eksempel stipend og lån, gjer Lånekassen eit enkeltvedtak. Enkeltvedtaket er altså det svaret du får på søknaden din. Dersom du er usamd i dette vedtaket/svaret, kan du klage.

Du kan ikkje klage på det regelverket som gjeld for Lånekassen. Dette reglementet blir fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Korleis klage

Du må klage skriftleg. Du kan anten sende oss eit brev, eller du kan sende ein   e-post med klagen frå Dine sider.

Dersom du sender oss brev, er det viktig at du hugsar å skrive anten kundenummeret ditt eller fødselsnummeret ditt (11 siffer) i brevet. Hugs å signere brevet.

Du må vise til kva vedtak du klagar på, og forklare kva du meiner er feil.

Det er ikkje eit krav at du grunngir klagen din, men det er ein fordel at du gjer det.

Har du nye opplysningar?

Når du klagar, ser Lånekassen på saka di på nytt. Det er ikkje eit krav at du legg ved dokumentasjon når du klagar. Men dersom du har opplysningar du meiner er viktige for saka di, bør du sende desse saman med klagen din.

Nokre eksempel på dokumentasjon som kan vere viktige for saka di:

  • Legeattestar
  • Lønnsslippar
  • Vitnemål
  • Dokumentasjon på ytingar frå Nav

Dette skjer når du klagar

Når du sender inn klagen, vil ein saksbehandlar sjå på saka di på nytt. Du får eit skriftleg svar med ei grunngiving når saksbehandlaren har ferdigbehandla saka di.

Dersom du ikkje får medhald, kan du velje å klage saka vidare. Du må gi Lånekassen skriftleg melding om at du ønskjer å oppretthalde klagen, innan tre veker etter at du er kjend med resultatet. Saka di vil då bli sendt til klagenemnda.

Oppretthalde klage - sak hos klagenemnda

Dersom du vel å klage vidare, blir saka di send til klagenemnda.

Klagenemnda får oversendt alle dokumenta i saka.

Klagenemnda er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet og har blant anna representantar frå elev- og studentorganisasjonane. Nemnda møtest om lag ein gong i månaden. Det kan ta litt tid før saka di blir behandla i nemnda.

Avgjerdene i klagenemnda er endelege. Du kan ikkje klage vidare etter dette. Dersom du framleis meiner at vedtaket er feil, kan du vende deg til Sivilombudsmannen.

Informasjon om regelverk

Lånekassen er underlagt lova om utdanningsstøtte. Du kan lese forskriftene våre her. Det er to forskrifter som i hovudsak regulerer arbeidet i Lånekassen, det er forskrifta om tildeling av utdanningsstøtte, og forskrifta om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar.

I tillegg er Lånekassen underlagt regelverket i forvaltningslova. For informasjon om behandlinga av klager i forvaltninga, sjå spesielt kapittel VI i forvaltningslova.