Betalingsutsetjing

Sist oppdatert: 13.08.2018
Kan du ikkje betale rekninga frå Lånekassen, kan du utsetje betalinga. Du treng ikkje oppgi nokon grunn for kvifor du ikkje kan betale rekninga.

Du kan velje å utsetje (ikkje betale) den siste rekninga dine og framtidige rekningar, opptil seks forfall av gongen. Har betalingsdatoen passert, kan du framleis søkje om å få utsett denne rekninga.

Les meir om betalingsutsetjing.

Slik fyller du ut søknaden

I søknaden kryssar du av for dei rekningane du ikkje kan betale. Du må krysse av for kvart enkelt forfall du vil utsetje betalinga for. Hoppar du over eit eller fleire forfall i søknaden, vil du få rekningar i dei månadene du ikkje har kryssa av for. Har du rekningar som skulle vore betalt, blir desse automatiske kryssa av i søknaden. I denne guiden ser du korleis du søkjer om betalingsutsetjing og fyller ut periodane riktig.

Har du brukt opp utsetjingane, men kan ha rett til fleire?

Du kan få fleire enn 36 betalingsutsetjingar dersom du kan sannsynleggjere at du har rett til å få sletta renter på lånet ditt. Da må du sende oss ein søknad om å få sletta renter før du sender søknaden om betalingsutsetjing.

Søk om betalingsutsetjing