Raskare nedbetaling og innfriing

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du kan betale raskare ned på studielånet ditt dersom du ønskjer det. Ekstra innbetalingar forkortar ikkje nedbetalingstida di, men reduserer terminbeløpet.

Dersom du ønskjer å betale raskare ned på lånet ditt, kan du sjølv endre nedbetalingsplanen din på Dine sider. Der kan du velje å betale eit høgare terminbeløp i månaden, mot at nedbetalingstida blir kortare.

Du kan ikkje justere nedbetalingstida på Dine sider dersom:

  • du har fast rente
  • du har fått sletta gjeld
  • du har gjeldsordning
  • lånet ditt er overført til Statens innkrevjingssentral

Du kan justere opp igjen netbetalingstida på Dine sider når du sjølv vil, dersom du ønskjer å betale lånet i normalt tempo igjen. Då blir terminbeløpa dine lågare.

Ekstraordinær innbetaling

Dersom du betalar meir enn beløpet som står på fakturaen, blir det rekna som ei ekstraordinær innbetaling. Det overskytande beløpet går til å betale ned på det totale lånet ditt dersom alle renter og gebyr er dekte.

Ekstra innbetalingar er ikkje forskott på framtidige rekningar.  Når du betalar inn ekstra vil du i framtida få eit lågare terminbeløp, men nedbetalingstida vil vere den same. Ønskjer du å behalde det opphavlege terminbeløpet, kan du endre nedbetalingsplanen på Dine sider når den ekstra innbetalinga er registrert hos oss.

Det er eigne reglar for uføre som har fått sletta delar av gjelda si.

For deg som har fast rente

Har du fast rente, må du vere merksam på at raskare nedbetaling og ekstra innbetalingar fører til at gjelda di aukar dersom Lånekassen taper renteinntekter fordi du betaler inn ekstra (rentetap).

Les meir om rentegevinst og rentetap ved ekstra innbetalingar.

Innfriing

Du kan innfri lånet med å betale ekstra saman med rekninga du har fått. På rekninga er det eit anslag på kva restgjelda vil vere etter innbetalinga, og du kan plusse på dette beløpet saman med den ordinære betalinga. 

Du kan også ta kontakt med Lånekassen for å få opplyst det korrekte beløpet som skal innfriast.

For deg som skal innfri rett etter avslutta utdanning

Har du lån som skal omgjerast til stipend etter bestått eksamen, bør du ikkje betale inn heile lånet, men la det stå igjen eit beløp som er like stort som det som skal omgjerast. Innfrir du heile lånet før omgjeringa, får du stipend du har rett til refundert etter omgjeringa. Kor mykje som kan bli omgjort, ser du på Dine sider.

Dersom du har lån som kan bli gjort om til stipend frå undervisningsåret 2012, eller tidlegare, vil du ikkje få refundert det du har betalt for mykje.

For deg med fast rente

Har du fast rente, bør du lese meir om ekstra innbetalingar og innfriing.

Les dette før du innfrir

Dersom du vil innfri (betale inn heile gjelda) eller refinansiere, bør du tenkje på at lån i Lånekassen har fleire fordelar:

  • har sosiale ordningar som vanlege bankar ikkje har
  • er personleg gjeld utan krav om pant eller anna sikring
  • har ei gratis gjeldsforsikring dersom du blir ufør,og ved dødsfall