Betalingsplan

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du får ein betalingsplan ca. fem månader etter at du ikkje lenger mottar stipend og lån frå Lånekassen. I betalingsplanen ser du kva du må betale kvar månad.

Betalingsplan og rentebelastning

Lånet er rentefritt så lenge du får pengar frå Lånekassen til utdanning på fulltid. Når du er ferdig med utdanninga, har slutta eller ikkje lenger får stipend eller lån, blir det rekna renter frå første månadsskiftet. Du får ein betalingsplan ca. fem månader etter dette. I betalingsplanen ser du kor mykje du skal betale i renter og avdrag (terminbeløp).

Er du i deltidsutdanning, vil tidlegare lån bli rentebelasta.

Første innbetalinga

Du får ein betalingspause på ca. sju månader etter at utdanninga er avslutta. Hugs at det blir lagt til renter kvar månad, og at gjelda dermed aukar i denne perioden.

Ønskjer å begynne å betale oss tidlegare, kan du sjølv bestille betalingsplan på Dine sider. vil du betale ned lånet raskare, kan du justere betalingsplanen på Dine sider.