Betaling frå utlandet

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du kan sleppe å overføre pengar kvar månad frå den utanlandske kontoen din dersom du inngår avtalegiro i ein norsk bank.

Har du ein norsk konto og ønskjer å sleppe å overføre pengar kvar månad frå den utanlandske banken din, bør du overføre eit større beløp til den norske bankkontoen og velje avtalegiro. Då skjer trekket automatisk på den datoen du vel. Har du hatt ein avtale om kvartalsvis trekk hittil, kan du for eksempel velje å overføre same beløpet like ofte som før frå den utanlandske til den norske banken.

Sjølv om du har flytt til utlandet eller er registrert med ei utanlandsk adresse i folkeregisteret, skal det vere mogeleg å opprette konto i ein norsk bank så lenge du har norsk personnummer.

Har ikkje norsk bankkonto

Dersom du ikkje ønskjer eller ikkje kan ha ein norsk bankkonto, må du betale dei gebyra og kostnadene den utanlandske banken krev. Alle får rekning kvar månad, og det er ikkje laga eigne løysingar for kundar som berre har utanlandsk bankkonto.

Slik betaler du frå ein utanlandsk bank

  • For å overføre pengar frå ein utanlandsk bank treng du SWIFT-adressa og
    IBAN-nummeret vårt.
  • Du kan overføre beløpet i både norske kroner og lokal valuta.
  • Banken din treng opplysningar om mottakaren av pengane (Lånekassen) og om kva betalinga gjeld.
  • Hugs å oppgi KID- nummeret ditt hos Lånekassen. Du kan også bruke kundenummeret ditt. Du finn KID-nummeret og kundenummeret ditt på Dine sider og på den førre rekninga.

Betalinga overfører du til

Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana
Kontonr./IBAN-nr: NO84 63450508715
SWIFT/BIC: NDEANOKK
Bank: Nordea Bank Norge ASA

Ikkje mogeleg med forskotsbetaling

Om du ønskjer det, kan du framleis betale inn meir enn det forfalte beløpet, men til forskjell frå tidlegare, blir det ikkje lenger registrert som forskot på terminbeløp lenger fram i tid. Men det vil framleis føre til at du betaler ned på gjelda di, og til at terminbeløpa kan bli lågare.

Betaling med sjekk

Du kan også betale med sjekk. Betaler du med ein privat sjekk, dvs. sjekkar du har på ein konto i den utanlandske banken din, må den skrivast ut i lokal valuta. Hugs å føre på KID-nummer eller kundenummer på sjekken. Ver klar over at gebyret for å betale med sjekk er 100 kroner, som blir trekt frå innbetalinga.

Du kan også kjøpe ein valutasjekk i norske kroner eller lokal valuta i ein lokal bank. Hugs å føre på KID-nummer.  Ver klar over at betaling med sjekk tek lang tid.

Skal du betale med sjekk, sender du den til:
Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana