Vel betalingsdato

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du får automatisk den 15. som betalingsdato. På Dine sider kan du endre til den 5. eller 25. i kvar månad, slik at du kan betale den datoen som passar best for deg.

Når du vel dato på Dine sider, blir det registrert som eit ønske. Du må derfor sjekke betalingsfristen på rekningane du får. På Dine sider finn du alltid den gjeldande betalingsdatoen din. Datoen blir oppdatert når vi sender ut den fyrste rekninga med ny betalingsfrist.

Det er fristen på rekninga som gjeld

Har du allereie fått ei rekning, er det betalingsfristen som står på rekninga som gjeld.

Du kan ikkje utsetje ei betaling

Du kan ikkje utsetje ei betaling på ei rekning du har fått ved å endre betalingsfristen frå for eksempel den 15. til den 25. Ønskjer du å utsetje betalinga, må du søkje om betalingsutsetjing.

Kvifor har eg ikkje fått ny betalingsdato?

Du har ikkje fått ny betalingsdato enno fordi du

  • registrerte endringa for kort tid før betalingsdato og rekning var allereie laga.
  • må vere heilt a jour med betalinga. Det er du ikkje dersom du har fått eit gebyr, eller har betalt førre rekning for seint, og derfor fått forseinkingsrenter. Betalar du har neste rekning i tide, vil den nye rekninga ha ny betalingsdato.  
  • har fått ei purring, andre purring (varsel om oppseiing) eller vedtak om oppseiing.