Utdanning på fulltid

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du kan få sletta renter på lånet ditt dersom du har vore i fulltidsutdanning og hatt rett til støtte.

Du må vente med å søkje til heile utdanninga er ferdig. Retten til å få sletta renter på grunn av utdanning vil ikkje vere forelda før tre år etter utdanningsprogrammet ditt er normert avslutta.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av utdanning på fulltid

Det er forskjellige krav til å få sletta renter, avhengig av om du har teke utdanning på fulltid eller deltid. Du blir rekna som heiltidsstudent dersom du har ei studiebelastning på 60 studiepoeng eller tilsvarande per år, eller 30 studiepoeng per semester. Du kan også få sletta renter for periodar du er i obligatorisk praksis som ein del av studiet ditt.

Fulltidsutdanning

  • For å kunne få sletta renter på grunn av fulltidsutdanning må du ha rett til støtte frå Lånekassen til utdanninga di. Du kan med andre ord berre få sletta renter for periodar der du ville fått utdanningsstøtte dersom du hadde søkt om det.

    Det betyr at dersom du tek utdanning som ikkje er støtta av Lånekassen, eller av andre grunnar ikkje har rett til støtte, har du heller ikkje rett til å få sletta renter.
  • Du må ha ei studiebelastning på 60 studiepoeng eller tilsvarande per år, eller 30 studiepoeng per semester.
  • Du må sende inn søknad om sletting av renter.
  • Du må bestå utdanning.
  • Det er inga grense for kor høy inntekt eller formue du kan ha dersom du søkjer på grunn av heiltidsutdanning.

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon til søknaden

Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjon til søknadendersom du søkjer på grunn av utdanning. Lånekassen hentar automatisk informasjon om eksamensresultat.

Unntaket er om du søkjer på grunn av obligatorisk praksis eller dersom du har vore lærling. Då må du sende inn dokumentasjon som viser i kva for ein periode du har praksis, og at praksisen er ein obligatorisk del av studieopplegget ditt. Har du vore lærling må du sende inn kopi av lærekontrakten.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje til perioden du skal søkje for, er over. Vi kan berre slette renter som allereie er lagde til lånet.

Du kan enkelt søkje elektronisk på Dine sider.

Gå til Dine sider

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du har fått rentefritak før fastsetjinga (likninga) for året du søkjer for er klar og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter du søkjer rentefritak for. Det vil seie at dersom du søkjer om rentefritak for ein periode i 2017, vil du ikkje få endeleg svar før seint på hausten i 2018. Mens du ventar på dette vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar, om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.