Soning

Sist oppdatert: 29.12.2017
Du kan få sletta renter på studielånet ved soning.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i ein periode du har sona i fengsel eller sikringsanstalt.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av soning

  • Du må sende inn ein søknad om sletting av renter.
  • Du må ha sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst tolv månader samanhengande.
  • Den brutto månadsinntekta di må ikkje ha vore over 15 929 kroner i gjennomsnitt i den same perioden.
  • Den samla årsinntekta til deg og den eventuelle ektefellen, sambuaren din eller registrerte partner må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Dokumentasjon du må sende inn

Stadfesting frå fengsel, sikringsanstalt eller kriminalomsorg som viser

  • Soningsperioden
  • Brutto månadsinntekt i perioden

Du kan enkelt laste opp dokumentasjonen samtidig som du søkjer om rentefritak. Dersom du ikkje har dokumentasjonen tilgjengeleg med ein gong, kan du laste den opp seinare på Dine sider.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje ein gong i året, helst straks året er slutt.

Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. I alle tilfelle kan ikkje Lånekassen fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer for. Grunnen er at søknaden blir vurdert i forhold til årsinntekta di slik den blir vist i fastsetjinga (likninga), og vi får ikkje denne informasjonen frå skatteetaten før mot slutten av året.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje til perioden du skal søkje  for, er over. Lånekassen sletter berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få rentefritak tilbake til 1. januar 2015 dersom du søkjer i løpet av 2018. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søkje innan fristen.

Du kan enkelt søkje elektronisk på Dine sider.

Gå til søknaden

Inntektsgrenser ved soning

Den gjennomsnittlege bruttoinntekta din må ha vore 15 929 kroner eller mindre per månad i perioden du søkjer om sletting av renter for.

I tillegg kan ikkje den samla inntekta i familien, altså inntekta til ektefelle eller sambuar du har felles barn med, vere lågare enn 537 038 kroner. Dersom du har barn, blir denne grensa heva med 29 117 kroner per barn du forsørgjer.

Som "barn" reknar vi med:

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer sletting av renter for
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer om sletting av renter for.
  • vi reknar barnet som under 16 år til og med det året barnet fyller 16.

Merk at grensene her, gjeld for 2018. Les om inntektsgrenser for tidlegare år.