Sletting av renter og busett i utlandet

Sist oppdatert: 29.12.2017
Når du søkjer om sletting av renter og bur eller har budd i utlandet, må du dokumentere både årsaka og inntekta i perioden du søkjer for.

Årsaker som kan gi rett til sletting av renter, er arbeidsløyse, sjukdom, attføring, rehabilitering, fødsel og omsorgsarbeid.

Slik dokumenterer du årsak

  • Årsaka skal dokumenterast frå ein offentleg institusjon som har ansvaret for dette området i det landet du er/var busett i.
  • Har du vore arbeidsledig, må kontoret som har ansvaret for registeret over arbeidsledige, stadfeste perioden/periodane du var arbeidsledig (frå-dato og til-dato).
  • Har du vore sjuk, må legen din stadfeste perioden/periodane du var sjuk (frå-dato og til-dato)
  • Har du vore under attføring, rehabilitering eller tilsvarande ordningar, må ein offentleg trygdeutbetalar stadfeste perioden og arbeidsuføregraden. Lånekassen godtek ikkje stadfesting frå private forsikringsselskap.
  • Ved fødsel og omsorgsarbeid må du leggje ved fødselsattest for barnet

Slik dokumenterer du inntekt

Du må sende inn skattefastsettingsopplysningane (skatteoppgjeret) for det året du har søkt om sletting av renter for, så snart du har dei nødvendige papira. Lånekassen godtek ikkje lønnsslippar eller årsoppgjer frå arbeidsgivar, med unntak for Storbritannia, der vi kan godta P-60-skjemaet.

Søkjer du på grunn av omsorgsarbeid, låg inntekt ved fulltidsarbeid eller soning, og er anten gift, registrert partnar eller sambuar med felles barn, må du hugse å sende inn skatteoppgjera for begge. Les meir under "sletting av renter" i forskrifta om tilbakebetaling.

Kva er skattefastsettingsopplysningar eller skatteoppgjer? 

Skattefastsetting, som tidlegare het likning, og skatteoppgjer er eit offentleg dokument som viser årsinntekta di, og som dannar grunnlaget for betaling av skatt til det landet du er eller har vore busett i.

Når må skatteoppgjeret sendast til Lånekassen?

Du bør sende inn skatteoppgjeret så snart du har fått det, og seinast innan tre år, elles blir saka forelda , og då kan vi ikkje behandle saka di. Les meir i forskrifta om tilbakebetaling.

Land med avvikande skatteår, mellom andre Storbritannia

Dersom landet har eit skatteår som ikkje følgjer kalenderåret, må du sende inn to skatteoppgjer som til saman omfattar heile kalenderåret du søkte om sletting av renter for.