Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Slik hentar vi informasjon

    I utgangspunktet må du dokumentere både årsak og inntekt for den perioden du søkjer om sletting av renter for, men Lånekassen innhentar mykje av denne informasjonen sjølv. Klikk deg inn på dei ulike årsakene  og les deg opp på dei ulike dokumentasjonskrava.

    Når du søkjer får du utfyllande informasjon om dokumentasjonskrav. Via nettsøknaden eller Dine sider vil du også kunne laste opp all dokumentasjon elektronisk, med mindre dokumentasjonen inneheld sensitiv informasjon, for eksempel om sjukdom. Då må du sende den i posten.

    Kva slags dokumentasjon om inntekt må eg sende inn?

    Lånekassen hentar dokumentasjon om inntekt direkte frå skatteetaten. Det er den samla person- og kapitalinntekta vi legg til grunn når vi vurderer om du har rett til sletting av renter. Person- og kapitalinntekt er summen av inntektene dine før frådrag, slik den er oppført i skattefastsetjinga (likninga). Ved behov hentar vi også inntektsinformasjon for deg og ein eventuell ektefelle/sambuar frå A-ordninga. Bur du i utlandet, må du sende inn skattefastsetjinga (likninga, tax return) frå skatteetaten i det landet du skattar til.

    Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande og søkjer om rentefritak på grunn av «fulltidsarbeid og låg bruttoinntekt» må du sende inn dokumentasjon på månadleg bruttoinntekt sjølv.