Generelt om sletting av renter (rentefritak)

Sist oppdatert: 07.11.2017
Lånekassen kan slette renter som har blitt lagt til lånet ditt dersom du har vore i ein situasjon som gir rett til rentefritak.

Rentefritak inneber at Lånekassen slettar renter som har sprunge på lånet ditt i ein periode. Vi slettar berre renter som allereie har blitt lagt til gjelda di. Det betyr at du ikkje kan få rentefritak framover i tid, berre bakover.

Kva skal til for å få rentefritak?

  • Du må sende inn ein søknad om rentefritak.
  • Du, og i nokre tilfelle din eventuelle ektefelle/sambuar med felles barn, må ha hatt inntekt under grensene for rentefritak. Unntaket er dersom du søkjer om rentefritak på grunn av heiltidsutdanning. Då er det ikkje nokon inntektsgrense.
  • Du må ha vore i ein situasjon som gir rett til rentefritak.

Situasjonar som gir rett til rentefritak

For å få sletta renter på lånet, må du ha vore i ein av situasjonane som er lista opp her. Les meir om kva som skal til og gå til søknaden ved å klikke deg inn på den aktuelle situasjonen.

Når skal eg søkje?

Lånekassen gir berre rentefritak på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få rentefritak tilbake til 1. januar 2014 dersom du søkjer i løpet av 2017. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søkje innan fristen.

Dersom du søkjer om mange periodar med rentefritak i løpet av eitt år, eller søkjer på grunnlag av ein situasjon som har vart i lang tid, er det enklaste er å søkje om rentefritak ein gong i året, helst straks året er slutt. Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og sende inn all dokumentasjonen på ein gong.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du har fått rentefritak før fastsetjinga (likninga) for året du søkjer for er klar og vi har fått likningsopplysningane frå skatteetaten. Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter du søkjer rentefritak for. Det vil seie at dersom du søkjer om rentefritak for ein periode i 2016, vil du ikkje få endeleg svar før seint på hausten i 2017. Mens du ventar på dette vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar, om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Dette skjer automatisk.

Slik hentar vi informasjon

I utgangspunktet må du dokumentere både årsak og inntekt for den perioden du søkjer rentefritak for, men Lånekassen innhentar mykje av denne informasjonen sjølv. Klikk deg inn på dei ulike rentefritaksårsakene i lenkjene til venstre og les deg opp på dei ulike dokumentasjonskrava.

Når du søkjer om rentefritak får du utfyllande informasjon om dokumentasjonskrav. Via nettsøknaden eller Dine sider vil du også kunne laste opp all dokumentasjon elektronisk, med mindre dokumentasjonen inneheld sensitiv informasjon, for eksempel om sjukdom. Då må du sende den i posten.

Kva slags dokumentasjon om inntekt må eg sende inn?

Lånekassen hentar dokumentasjon om inntekt direkte frå skatteetaten. Det er den samla person- og kapitalinntekta vi legg til grunn når vi vurderer om du har rett til rentefritak. Person- og kapitalinntekt er summen av inntektene dine før frådrag, slik den er oppført i skattefastsetjinga (likninga). Ved behov hentar vi også inntektsinformasjon for deg og ein eventuell ektefelle/sambuar frå A-ordninga. Bur du i utlandet, må du sende inn skattefastsetjinga (likninga, tax return) frå skatteetaten i det landet du skattar til.

Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande og søkjer om rentefritak på grunn av «fulltidsarbeid og låg bruttoinntekt» må du sende inn dokumentasjon på månadleg bruttoinntekt sjølv.