Omsorgsarbeid

Sist oppdatert: 17.01.2018
Du kan få sletta renter når du har ei stor omsorgsbelastning i nær familie.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i ein periode du har stor omsorgsbelastning i nær familie. Dette gjeld uføre, menneske med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov.

Søkjer du om sletting av renter for 2017 eller tidlegare, kan du også søkje på grunnlag av at du har omsorg for barn under ti år.

Dette skal til for å få rentefritak på grunn av omsorg

  • Du må sende inn søknad om rentefritak
  • Du har omsorg for pleietrengjande i nær familie. Du må ha ei omsorgsbelastning tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid.
  • Omsorgsarbeidet må ha vart i minst tre månader i strekk.
  • Inntekta din og familien sin samla inntekt må ikkje vere over inntektsgrensene for rentefritak

Dokumentasjon du må sende inn

Du må sende oss dokumentasjon frå lege, anna helsestyresmakt eller NAV som viser at du har ei omsorgsbelastning tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid og at belastninga har vart i minst tre samanhengande månader. Dersom du mottek pleiepengar kan du sende inn stadfesting på dette som dokumentasjon.

Dokumentasjon som viser omsorgsbelastning er personsensitiv informasjon. Derfor må du sende den i posten til

Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana

Merk dokumentasjonen med kundenummeret ditt i Lånekassen eller fødsels- og personnummeret ditt.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje til perioden du skal søkjefor, er over. Lånekassen sletter berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2015 dersom du søkjer i løpet av 2018. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søkje innan fristen.

Du kan enkelt søkje elektronisk på Dine sider.

Gå til Dine sider

Inntektsgrense ved omsorgsarbeid i nær familie

For å få rentefritak på grunn av omsorgsarbeid, må både di eiga og familien sin samla inntekt vere under grensene. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekta, det hentar vi automatisk frå skatteetaten. Unntaket er dersom du bur i utlandet.

Inntektsgrenser for rentefritak - eiga inntekt

 
Person- og kapitalinntekt i 2018 Månader med rett til sletting av renter
328 071 1
322 653 2
317 235 3
311 816 4
306 398 5
300 978 6
295 562 7
290 143 8
284 724 9
279 306 10
273 887 11
268 470 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 14 547 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Familien sin samla inntekt

Dersom du var gift, eller sambuar med felles barn i den perioden du søkjer om å få sletta renter for, blir inntekta til ektefellen eller sambuaren din teke med i vurderinga. Den samla inntekta dykkar må vere under 537 038 kroner. Inntektsgrensa blir hevd med 29 117 per barn i familien som er 16 år eller yngre. Er det for eksempel to barn i familien, blir grensa altså 595 272 kroner.

Som "barn" reknar vi med:

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer rentefritak for
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer rentefritak for.
  • vi reknar barnet som under 16 år til og med det året barnet fyller 16.

Les om inntektsgrensene for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du har fått rentefritak før fastsetjinga (likninga) for året du søkjer for er klar og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter du søkjer rentefritak for. Det vil seie at dersom du søkjer om rentefritak for ein periode i 2017, vil du ikkje få endeleg svar før seint på hausten i 2018. Mens du ventar på dette vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar, om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.