Låg inntekt ved fulltidsarbeid

Sist oppdatert: 29.12.2017
Har du fulltidsarbeid med svært låg inntekt, kan du få sletta renter på studielånet.

Du kan få sletta renter på grunn av låg inntekt ved fulltidsarbeid i inntil tre år til saman. Merk at frivillig ulønna arbeid ikkje gir rett til sletting av renter.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av låg inntekt

  • Du må sende inn ein søknad om sletting av renter
  • Du må ha hatt samanhengande fulltidsarbeid i minst tolv månader
  • Di brutto månadsinntekt må ikkje ha vore over 15 929 kroner i gjennomsnitt i den same perioden.
  • Den samla årsinntekta til deg og den eventuelle ektefellen eller sambuaren din må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Dokumentasjon du må sende inn

Dersom du har vore i ordinært arbeid, må du sende inn

  • stadfesting frå arbeidsgivar på perioden du har hatt fulltidsarbeid, og på den brutto månadsinntekta di i perioden

Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande, må du sende inn

  • stadfesting på registrert føretak i Brønnøysundregisteret
  • kopi av skattefastsetjing (likning) for det aktuelle tidsrommet
  • kopi av avtalar/timelister/lønnsslepp/fakturaer eller liknande

Dersom du er kunstnar, må du sende inn

  • dokumentasjon som viser at du jobbar som kunstnar på fulltid. Du må sende inn kopi av avtalar/timelister/lønnsslepp/fakturaer eller liknande. Dersom du er medlem i ein yrkesorganisasjon for kunstnarar, og/eller er registrert i Brønnøysundregisteret, kan du dokumentere det i tillegg
  • dokumentasjon som viser bruttoinntekta di for den perioden du søkjer om å få sletta renter for

Du kan enkelt laste opp dokumentasjonen samtidig som du søkjer. Dersom du ikkje har dokumentasjonen tilgjengeleg med ein gong, kan du laste den opp seinare på Dine sider.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje ein gong i året, helst straks året er slutt.

Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. I alle tilfelle kan ikkje Lånekassen fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer  for. Grunnen er at søknaden om sletting av renter blir vurdert i forhold til årsinntekta di slik den blir vist i fastsetjinga (likninga), og vi får ikkje denne informasjonen frå skatteetaten før mot slutten av året.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje til perioden du skal søkje for, er over. Vi kan berre slette renter som allereie er lagde til lånet.

Du kan enkelt søkje elektronisk på Dine sider.

Gå til søknaden

Inntektsgrense ved fulltidsarbeid

Den gjennomsnittlege bruttoinntekta din må ha vore 15 929 kroner eller mindre per månad i perioden du søkjer om sletting av renter for.

I tillegg kan ikkje den samla inntekta i familien, altså inntekta til ektefelle eller sambuar du har felles barn med, vere lågare enn 537 038 kroner. Dersom du har barn, blir denne grensa heva med 29 117 kroner per barn du forsørgjer.

Som "barn" reknar vi med:

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer om sletting av renter for.
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer om sletting av renter for.
  • vi reknar barnet som under 16 år til og med det året barnet fyller 16.

Grensene som er nemnt her, gjeld 2018. Les om inntektsgrenser for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du har fått rentefritak før fastsetjinga (likninga) for året du søkjer for er klar og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter du søkjer rentefritak for. Det vil seie at dersom du søkjer om rentefritak for ein periode i 2017, vil du ikkje få endeleg svar før seint på hausten i 2018. Mens du ventar på dette vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar, om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.