Fødsel eller adopsjon

Sist oppdatert: 05.01.2018
Du kan få sletta renter ved fødsel eller adopsjon når du har omsorg for barnet.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i ein periode etter du har fått barn.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av fødsel eller adopsjon

  • Du må søkje om sletting av renter.
  • Du har fått barn du har omsorg for, eller du har adoptert eit barn under ti år.
  • Inntekta di og familien sin samla inntekt må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

At familien sin samla inntekt blir rekna med, er ein ny regel med verknad frå og med 2018. Det betyr at dersom du søkjer på grunn av fødsel eller adopsjon for 2017 eller tidlegare, er det berre di eiga inntekt som blir rekna med. Les om inntektsgrensene for tidlegare år.

Dokumentasjon du må sende inn

  • Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon dersom barna og ektefelle/sambuar har same folkeregistrerte adresse som deg.
  • Dersom du ikkje står registrert med same adresse som barnet, må du sende inn dokumentasjon på at du likevel har minst 40 prosent samvær (f. eks. samværserklæring signert av begge foreldra).

Du kan enkelt laste opp dokumentasjonen samtidig som du søkjer. Dersom du ikkje har dokumentasjonen tilgjengeleg med ein gong, kan du laste den opp seinare på Dine sider.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje til perioden du skal søkje for, er over. Lånekassen sletter berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2015 dersom du søkjer i løpet av 2018. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søkje innan fristen.

Du kan enkelt søkje elektronisk på Dine sider.

Gå til søknaden

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du har fått rentefritak før fastsetjinga (likninga) for året du søkjer for er klar og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter du søkjer rentefritak for. Det vil seie at dersom du søkjer om rentefritak for ein periode i 2017, vil du ikkje få endeleg svar før seint på hausten i 2018. Mens du ventar på dette vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar, om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.

Grenser for inntekt ved fødsel og adopsjon

For å få sletta renter på grunn av fødsel eller adopsjon, må både din eigen og familien sin samla inntekt vere under grensene. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekta, det hentar vi automatisk frå skatteetaten. Unntaket er dersom du bur i utlandet.

Inntektsgrenser - eiga inntekt

Person- og kapitalinntekt i 2018 Månader med rett til sletting av renter
328 071 1
322 653 2
317 235 3
311 816 4
306 398 5
300 978 6
295 562 7
290 143 8
284 724 9
279 306 10
273 887 11
268 470 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 14 547 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Familien si samla inntekt

Dersom du var gift, eller sambuar med felles barn i den perioden du søkjer om å få sletta renter for, blir inntekta til ektefellen eller sambuaren din teke med i vurderinga. Den samla inntekta dykkar må vere under 537 038 kroner. Inntektsgrensa blir hevd med 29 117 per barn i familien som er 16 år eller yngre. Er det for eksempel to barn i familien, blir grensa altså 595 272 kroner.


Dersom du søkjer om sletting av renter på grunn av fødsel eller adopsjon for periodar i 2017 eller tidlegare, er det berre inntekta til den som søkjer som blir regnet med. Les om inntektsgrensene for tidlegare år.

Som "barn" reknar vi med:

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer rentefritak for
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med barnet til sambuaren minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer rentefritak for.

Vi reknar barnet som under 16 år til og med det året barnet fyller 16.