Arbeidsløyse

Sist oppdatert: 29.12.2017
Dersom du har vore registrert arbeidsledig, kan du få sletta renter på studielånet for perioden du var arbeidsledig.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i ein periode. Vi slettar berre renter som allereie har blitt lagt til gjelda di.

Du må ha vore registrert arbeidsledig hos Nav for å ha rett til å få sletta renter. Derfor er det viktig at du registrerer deg straks du blir arbeidsledig, slik at du kan få sletta renter for heile perioden du har vore utan jobb.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av arbeidsløyse

  • Du må sende inn søknad om sletting av renter.
  • Du må ha vore registrert arbeidsledig i minst tre månader samanhengande.
  • Inntekta din må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon til søknaden

Du treng ikkje å sende inn noko dokumentasjon med søknaden dersom du søkjer på grunn av arbeidsløyse. Lånekassen hentar automatisk inn informasjon frå Nav om arbeidsløyse og frå Skatteetaten om inntekt.

Unntaket er dersom du er busett i utlandet. Då må du sjølv sende inn dokumentasjon frå utanlandsk arbeidsformidling på perioden du har vore arbeidsledig.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje ein gong i året, helst straks året er slutt.

Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. I alle tilfelle kan ikkje Lånekassen fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer for. Grunnen er at søknaden om sletting av renter blir vurdert i forhold til årsinntekta di slik den blir vist i fastsetjinga (likninga), og vi får ikkje denne informasjonen frå skatteetaten før mot slutten av året.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje til perioden du skal søkje for, er over. Vi kan berre slette renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2015 dersom du søkjer i løpet av 2018. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søkje innan fristen.

Du kan enkelt søkje elektronisk på Dine sider.

Gå til Dine sider

Inntektsgrense

Kor lenge du kan få sletta renter er avhengig av kor høg inntekt du har hatt i året du søkjer for. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt, det mottek Lånekassen automatisk frå skatteetaten. Unntaket er om du bur i utlandet. Tabellen under visar kor lenge du kan få sletta renter, gitt inntekta du har hatt.

Person- og kapitalinntekt i 2018 Antall månader med rett til sletting av renter
328 071 1
322 653 2
317 235 3
311 816 4
306 398 5
300 978 6
295 562 7
290 143 8
284 724 9
279 306 10
273 887 11
268 470 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 14 547 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Som "barn" reknar vi med:

  •     eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  •     barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer for
  •     barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer for.

Her finn du inntektsgrenser for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du har fått rentefritak før fastsetjinga (likninga) for året du søkjer for er klar og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter du søkjer rentefritak for. Det vil seie at dersom du søkjer om rentefritak for ein periode i 2017, vil du ikkje få endeleg svar før seint på hausten i 2018. Mens du ventar på dette vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar, om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.