Inntektsgrenser for sletting av renter

Sist oppdatert: 02.01.2019
Legg merke til at det i somme situasjonar er nok at søkjaren si eiga inntekt er under ei viss grense, mens det i andre situasjonar i tillegg er krav til at den samla inntekta til familien er under ei viss grense.

Inntektsgrenser for sletting av renter for 2019

Årsak
Eiga inntekt Familiens samla inntekt
Fulltidsutdanning Ingen grense Ingen grense
Deltidsutdanning
Tillitsverv
EUs program Erasmus+
Sjukdom
Arbeidsavklaringspengar
Registrert arbeidsløyse
Førstegongsteneste / elev ved militær skole
Sjå tabell nedanfor Ingen grense
Omsorgsarbeid
Fødsel/adopsjon
Sjå tabell nedanfor 554 492 kr + 30 063 kr for kvart barn, til og med det året barnet fyller 16 år.
Låg inntekt ved fulltidsarbeid
Soning 
I tillegg til inntektsgrenser i tabellen nedanfor, må bruttoinntekta i dei aktuelle månadene ikkje vere over 16 447 kr.
554 492 kr + 30 063 kr for kvart barn, til og med det året barnet fyller 16 år.

 

Person- og kapitalinntekt i 2019
(+ 15 020 kr per år for kvart barn til og med det året barnet fyller 16 år)

Månader med rett til sletting av renter

338 733 1
333 139 2
327 545 3
321 950 4
316 356 5
310 760
305 168 7
299 573
293 978 9
288 383 10
282 788 11 
277 195 12
Antall måneder med rett til rentefritak    Person- og kapitalinntekt          
per år

1    271 722
2    267 235
3    262 748
4    258 259
5    253 772
6    249 284
7    244 796
8    240 309
9    235 821
10    231 333
11    226 845
12    222 358

Antall måneder med rett til rentefritak    Person- og kapitalinntekt          
per år

1    271 722
2    267 235
3    262 748
4    258 259
5    253 772
6    249 284
7    244 796
8    240 309
9    235 821
10    231 333
11    226 845
12    222 358

Kva er person- og kapitalinntekt?

Person- og kapitalinntekta di er summen av alle dei skattepliktige inntektene dine før frådrag.

Personinntekt er skattepliktig arbeidsinntekt inkludert feriepengar, og skattbar trygde- og pensjonsyting.

Kapitalinntekter er renter av bankinnskott og uteståande fordringar, aksjeutbytte, skattepliktig gevinst ved sal av aksjar og verdipapirfond, inntekt ved utleige, gevinst ved sal av bustad, tom og annan fast eigedom, m.v. Opplistinga er ikkje fullstendig. I kontrollen av inntekt og forume ser vi bort frå eventuelle bidrag som du eller barna dine får, og renteinntekter frå BSU.

Etterbetalt trygd eller pensjon?

Dersom du får etterbetalt trygd eller pensjon (for eksempel etterbetaling av arbeidsavklaringspengar), blir heile etterbetalinga registrert på skattefastsetjinga (likninga) for det året du får utbetalinga. Lånekassen bruker inntektsopplysningane frå fastsetjinga til å vurdere om du har rett til sletting av renter, og store etterbetalingar kan føre til at du får avslag på søknaden din.

Lånekassen kan fordele slike etterbetalingar på dei åra dei gjeld, men du må sende inn oss eit brev der du søkjer om det. Du må også leggje ved kopi av fastsetjinga og dokumentasjon frå Nav som viser kva delar av utbetalinga som er for tidlegare år.

Ver merksam på at om du har søkt om sletting av renter for føregåande år, vil vi også vurdere dei søknadene på nytt, sidan inntekta di for dei tidlegare åra blir oppjustert. Dersomretten til å få sletta renter som du tidlegare en innvilga, vil det føre til at gjelda di aukar.