Ufør

Sist oppdatert: 02.01.2019
Sjølv om lånet ditt er oppsagt, kan du ha rett til å få sletta heile eller ein del av lånet dersom du blir ufør.

Du kan du ha rett til å få heile eller delar av lånet ditt sletta dersom du får variguførepensjon frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet og du er minst 50 prosent ufør.

Du kan også ha rett til å få sletta gjeld dersom du får varig uføretrygd frå folketrygda, og er minst 40 prosent varig ufør. For å ha rett til sletting av gjeld på dette grunnlaget må du ha sett fram krav om uføretrygd på eit tidspunkt der du fekk arbeidsavklaringspengar.

Sjølv om lånet ditt er mellombels oppsagt, og overført til Statens innkrevjingssentral, kan du søkje om sletting av gjeld fra Lånekassen.

Retten til ettergiving er avhengig av bruttoinntekta di. Ved delvis ettergiving blir gjelda nedskriven, og du får nye terminbeløp.

Dersom du får arbeidsavklaringspengar, vil du ikkje få sletta gjeld, men du kan i staden ha rett til betalingsutsetjing og rentefritak.

Slik søkjer du

Bruk søknadsskjema for ettergiving for varig ufør låntakar (skjema U). Legg ved kopi av pensjons- eller vedtaksbrevet frå Nav.

Er lånet ditt permanent overført til SI?

Dersom lånet ditt er permanent overført til Statens innkrevjingssentral, må du søkje om å få sletta gjeld direkte til SI.