Ufør

Sist oppdatert: 21.01.2019
Blir du varig ufør, kan Lånekassen slettet heile eller delar av gjelda di.

Du kan få ettergitt gjeld dersom du blir minst 50 prosent varig ufør og får varig uføretrygd frå folketrygda.

Du kan også ha rett til ettergiving dersom du får varig uføretrygd frå folketrygda og er minst 40 prosent varig ufør. For å ha rett til ettergiving på dette grunnlaget må du ha sett fram krav om uføretrygd på eit tidspunkt der du fekk arbeidsavklaringspengar.

Har du brutto årsinntekt på 319 035 kroner eller lågare, kan du få heile gjelda sletta.

Har du ei brutto årsinntekt på 319 036–460 019 kroner, kan du få gjelda redusert etter denne tabellen:

Brutto årsinntekt
(person- og kapitalinntekt)
Ny gjeld Nytt terminbeløp
319 036 - 354 176 kroner
64 477 kroner
688 kroner
354 177 - 388 218 kroner
75 193 kroner
826 kroner
388 219 - 424 143 kroner
86 065 kroner
974 kroner
424 144 - 460 019 kroner
96 781 kroner
1 110 kroner

Alle inntektsgrensene over gjeld 2019. Her finn du inntektsgrenser for tidlegare år.

Når vi behandlar søknader om sletting av gjeld, behandlar vi den etter reglane som gjaldt det året vi mottok ein dokumentert søknad. Dette betyr at ein søknad som er motteken i 2019, blir vurdert ut i frå inntektsgrensa som gjeld for 2019, sjølv om du fekk vedtaket om at du var varig ufør eit tidlegare år.

Har du barn?

Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, blir alle barn til og med året dei fyller 16 år (også særkullsbarn) som du forsørgjer, tekne med, også barn som du betaler bidrag for. Vi ser bort frå barnetillegg og barnepensjon som du får for barn over 16 år. Inntekt som er registrert på barnet ditt blir ikkje teke med i behovsprøvinga.

Uføretrygd må vere innvilga

Varig uføretrygd frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet må vere innvilga før gjelda kan bli sletta.

Slik søkjer du om ettergiving

Bruk søknadsskjema for sletting av gjeld for varig ufør låntakar (skjema U). Legg ved kopi av pensjons- eller vedtaksbrevet frå Nav. 

Ny støtte - oppheving av vedtak

Dersom du søkjer om og får ny utdanningsstøtte før det har gått ti år etter at du fekk sletta gjeld, blir vedtaket oppheva.

Les meir