Legar i utvalde kommunar

Sist oppdatert: 27.12.2019
Du kan få sletta ti prosent av den opphavlege gjelda di, maksimalt 25 000 kroner per år, dersom du er lege og arbeider i utvalde kommunar.

Ordninga omfattar låntakarar som er yrkesaktive legar i desse kommunane:

Troms og Finnmark: Gratangen og Ibestad

Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy

Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne

Møre og Romsdal: Aure

Ordninga gjeld òg låntakarar som har vore yrkesaktive legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.

Det er fylkeslegen avgjer kva for legar som er yrkesaktive i desse kommunane. Du treng ikkje å bu i kommunen for å få sletta gjeld.

Slik søkjer du

Du brukar samme søknad som for ettergiving i Nord-Troms og Finnmark.