Varige betalingsproblem

Sist oppdatert: 29.12.2017
Har du varige betalingsproblem, kan du få sletta gjeld.

Det er Statens innkrevjingssentral (SI) som skal behandle søknader om utanrettsleg gjeldsordning og søknader om sletting av gjeld som er umogeleg å krevje inn. Dette gjeld både dersom lånet ditt er oppsagt, og overført til Statens innkrevjingssentral, eller ikkje.

Utanrettsleg gjeldsordning

Utanrettsleg gjeldsordning betyr at du får til ein avtale med alle kreditorane dine om at du betalar ned ein del av gjelda og får sletta resten. Reglane i gjeldsordningslova står som utfyllande regelverk.

Sletting av gjeld som det er uråd å krevje inn

Lån, renter og omkostningar kan bli sletta dersom det blir umogeleg å få inn gjelda. Ein kan då slette heile eller delar av gjelda. Lånekassen vurderer desse sakene strengt. Avgjerda er basert på ei økonomisk vurdering, og det er ingen rett låntakaren har.

Som hovudregel vil du ikkje ha rett til å få sletta gjeld på grunn av varige betalingsproblem dersom du har rett til betalingsutsetjingar eller rentefritak.

Slik søkjer du om utanrettsleg gjeldsordning eller sletting av gjeld

Du må sende inn skriftleg søknad med velgrunna forslag til ein avtale. Søknaden skal sendast til SI. Økonomisk rådgivar ved sosialtenesta i kommunen der du bur kan hjelpe deg med søknaden.  

Ingen klagerett

Du kan ikkje klage på avgjerder om utanrettsleg gjeldsordning og sletting av gjeld.

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål til ordningene over, ta kontakt med Statens innkrevingssentral.

Les meir i forskrifta