Ufør

Sist oppdatert: 08.02.2018
Blir du varig ufør, kan Lånekassen slettet heile eller delar av gjelda di.

Du kan få ettergitt gjeld dersom du blir minst 50 prosent varig ufør og får varig uføretrygd frå folketrygda.

Du kan også ha rett til ettergiving dersom du får varig uføretrygd frå folketrygda og er minst 40 prosent varig ufør. For å ha rett til ettergiving på dette grunnlaget må du ha sett fram krav om uføretrygd på eit tidspunkt der du fekk arbeidsavklaringspengar.

For å ha rett til å få ettergitt heile eller deler av gjelda, må du ha ei brutto årsinntekt (person- og kapitalinntekt) på 445 539 kroner eller lågare. Grensa blir hevd med 14 547 kroner per år for kvart barn under 16 år du forsørgjer.

Har du brutto årsinntekt på 308 993 kroner eller lågare, kan du få heile gjelda sletta.

Har du ei brutto årsinntekt på 308 994–445 5392 kroner, kan du få gjelda redusert etter denne tabellen: 

Brutto årsinntekt
(person- og kapitalinntekt)
Ny gjeld Nytt terminbeløp
308 994 - 343 028 kroner
62 447 kroner
666 kroner
343 029 - 375 998 kroner
72 826 kroner
800 kroner
375 999 - 410 792 kroner
83 356 kroner
943 kroner
410 793 - 445 539 kroner
93 735 kroner
1 075 kroner

Alle inntektsgrensene over gjeld 2018. Her finn du inntektsgrenser for tidlegare år.

Når vi behandlar søknader om sletting av gjeld, behandlar vi den etter reglane som gjaldt det året vi mottok ein dokumentert søknad. Dette betyr at ein søknad som er motteken i 2018, blir vurdert ut i frå inntektsgrensa som gjeld for 2018, sjølv om du fekk vedtaket om at du var varig ufør eit tidlegare år.

Har du barn?

Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, blir alle barn til og med året dei fyller 16 år (også særkullsbarn) som du forsørgjer, tekne med, også barn som du betaler bidrag for. Vi ser bort frå barnetillegg og barnepensjon som du får for barn over 16 år. Inntekt som er registrert på barnet ditt blir ikkje teke med i behovsprøvinga.

Uføretrygd må vere innvilga

Varig uføretrygd frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet må vere innvilga før gjelda kan bli sletta, men det kan gjerast unnatak: Dersom du er heilt arbeidsufør og har vore dette samanhengande i dei siste seks åra, kan dette gi grunnlag for sletting. Du må dokumentere sjukdom, inntekt og at du er arbeidsufør. Det er ein føresetnad at du i løpet av perioden ikkje har fått rehabiliteringspengar, attføringspengar, tidsbegrensa uførestønad eller arbeidsavklaringspengar.

Slik søkjer du om ettergiving

Bruk søknadsskjema for sletting av gjeld for varig ufør låntakar (skjema U). Legg ved kopi av pensjons- eller vedtaksbrevet frå Nav. 

Ny støtte - oppheving av vedtak

Dersom du søkjer om og får ny utdanningsstøtte før det har gått ti år etter at du fekk sletta gjeld, blir vedtaketg oppheva.

Les meir