Rettsleg gjeldsordning

Sist oppdatert: 29.12.2017
Dersom du har alvorlege gjeldsproblem, kan du søkje om rettsleg gjeldsordning.

Rettsleg gjeldsordning vil seie at du får til ein avtale med kreditorane dine om å betale ein del av gjelda og få sletta resten.

Slik søker du

Du skal sende søknad om rettsleg gjeldsordning til namsmannen (lensmann eller byfogd) på den staden som du bur. Namsmannen kan gi meir informasjon om ordninga og gi hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet.

Spørsmål?

Det er Statens innkrevjingssentral (SI) som behandlar søknader om rettsleg gjeldsordning. Har du spørsmål om rettsleg gjeldsordning, må du derfor kontakte SI.