Legar i utvalde kommunar

Sist oppdatert: 02.01.2018
Du kan få slettet ti prosent av den opphavlege gjelda di, maksimalt 25 000 kroner per år, dersom du er lege og arbeider i utvalde kommunar.

Ordninga omfattar låntakarar som er yrkesaktive legar i desse kommunane:

Troms: Gratangen, Ibestad, Torsken og Berg

Nordland: Tysfjord, Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy

Nord-Trøndelag: Leka, Fosnes, Røyrvik, Høylandet og Lierne

Møre og Romsdal: Aure

Det er fylkeslegen avgjer kva for legar som er yrkesaktive i desse kommunane. Du treng ikkje å bu i kommunen for å få sletta gjeld.

Slik søkjer du

Du brukar samme søknad som for ettergiving i Nord-Troms og Finnmark.