Finnmark og Nord-Troms

Sist oppdatert: 06.02.2018
Du kan få sletta ti prosent av det opphavlege lånet ditt, maksimalt 25 000 kroner per år, dersom du bur og arbeider i Finnmark eller Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy.

Finnmark og Nord-Troms

Du kan få sletta ti prosent av det opphavlege lån ditt, maksimalt 25 000 kroner per år, dersom du bur og arbeider i Finnmark eller i Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy.

Ordninga gjeld berre for Finnmark og dei navngitte kommunane. Slettinga skjer på etterskot når du har butt og arbeidt i regionen i tolv månader samanhengande.

Søk om sletting med ein gong

Ettersom vi sender ut ein rekning kvar månad, er det viktig at du søkjer om sletting med ein gong oppteningsperioden er slutt. Då kan vi så raskt som mogeleg fastsetje nye og korrekte terminbeløp.

Når du har sendt inn ein søknad om sletting, kan du vente med å betale rekningane til du får svar på søknaden. Du vil ikkje få purringar i mellomtida. Så lenge du får sletta lån etter denne ordninga treng du berre å betale renter, ikkje avdrag på sjølve lånet. Dersom du likevel har betalt inn dei opphavlege terminbeløpa i perioden, kan du kontakte oss for å få refundert ein del av beløpet.

Dersom du tidlegare har fått sletta gjeld, kan du sjå kva oppteningsperiode du har hatt på Dine sider.

Busett og yrkesaktiv

Busett

Vi reknar deg som "busett" når du både har folkeregistrert adresse i regionen og faktisk bor der.

Yrkesaktiv 

Vi reknar deg som "yrkesaktiv" i regionen når du

  • har arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid
  • har fulltidsarbeid i minst seks månader, og er registrerte som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av oppteningsperioden
  • har omsorg for barn født i 2008 eller seinare, eller har særleg tyngjande omsorgsplikter i nærmaste familie
  • har studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, der lønna blir betalt av ein arbeidsgivar i regionen
  • er tilsett i transportsektoren, på skip, oljeleitingsfarty eller faste installasjonar på kontinentalsokkelen og er busette og skattepliktig i region

Slik søkjer du

  • Logg inn på Dine sider for å søkje elektronisk om sletting av gjeld.  Du kan laste opp dokumentasjonen din når du søkjer. Sender du inn søknaden utan å laste opp dokumentasjonen, må du ettersende den i posten.

  • Alternativt kan du søkje på papir. Bruk skjema F.

Hugs å leggje ved dokumentasjon

Du må leggje ved dokumentasjon, som viser at du har vore yrkesaktiv i regionen i tolv månader samanhengande. Pass på at dokumentasjonen er datert.

Søknadsfrist

Søknaden må vere motteken av Lånekassen seinast tre månader etter at oppteningsperioden er ute, for at ikkje kravet skal bli forelda.

Du får ikkje rekning på under 350 kroner

Vi sender ikkje ut rekningar på under 350 kroner. Beløpet blir lagt til på neste rekning.

Les meir: